torsdag 24. januar 2013

Løve

Det blei ei løve ut av gårsdagens økt med symaskina, guten fekk opne pakken i senga og var rimelig fornøyd heilt til han fekk pakke nr 2, ein brannbil. Ein stor brannbil. Gjett om den overskygga hr. Løve, då! Men det hadde eg i grunnen rekna med. Etter ei stund kom han på at løva kunne sitte oppå brannbilen, og vips så var det ei brannmannløve - stor stas. 
Løva er laga etter det same mønsteret som katten eg laga for ei tid tilbake, men hovudet er naturligvis nytt. Halen er også annleis enn katten sin. Løvemanken kunne nok vore fyldigare ser eg, men det er jo mange lag som skal gjennom symaskina og det er ikkje alltid det funkar så godt. 

Auge syns eg alltid er vanskelig. Eg likar stort sett å gi dyra mine små, svarte auge - då syns eg dei får eit fint uttrykk som er nøytralt nok til å passe dei fleste situasjonar. Om ein begynner å gi dei andre type auge så påverkar du plutselig personlegheita til dyret, og det er ikkje alltid det tar den retninga eg ville det skulle. Same prinsipp blir jo brukt når ein lagar waldorfdukker, ansiktstrekka skal vere ganske minimalistiske slik at barnet sjølv kan tillegge dokka personlegdom og tankar/kjensler. 

Denne gongen prøvde eg meg på noko litt meir enn dei sedvanlege små, svarte prikkane, og la til litt kvitt rundt sidan løver faktisk har det. Eg veit ikkje kor fornøyd eg er med resultatet, men det er no det der er for denne gong. 

Det blei ingen tur i skogen på fotoshoot denne gongen, ein snartur ut i den frosne hagen fekk vere nok. Stakkars løva burde ha fått varme klede å ha på seg, men det får heller vente. Det einaste grøne å oppdrive var restane etter grønnkålen i kjøkkenhagen, og det einaste byttedyret i sikte var ei høne som hadde stukke av frå hønsegarden. Det ser ut til at han har eit sultent blikk der han står, ikkje sant?

4 kommentarer:

  1. Superfin løve! Synes øynene gjorde seg bra.

    SvarSlett
  2. Den var virkelig kjempefin! Likte særlig godt detaljen med knappen der foten er festet!

    SvarSlett
  3. Ei skikkeleg elegant løve! Brukte du verkeleg berre éin dag på å lage heile løva...?

    Eg klikka på etiketten din "ulldyr" for å sjå nærare på kva du har laga før, og då
    beundra eg m.a. dei fine hønene dine! Og byrja å tenkje på påskepynt!
    Ei ull-høne med holrom under til å putte nykokte frukostegg inni hadde vore stas å ha.
    Men kanskje skal du ha sy-pause ei stund no?

    SvarSlett
  4. Takk!

    Silkesauen: eg har ein baby eg skal ha ut om ein månads tid, men rekna med å vere i gjenge igjen slik at eg kan få laga ullhøns til påske i år også!

    SvarSlett