mandag 19. november 2012

Mini-Malsen


Eg fekk ei artig spesialbestilling sist veke, det skulle vere ein kopi av sjølvaste Malsen i den fine garnbutikken Malsen og Mor. Matmora hans kom over Blåbærbutikken min litt sånn tilfeldig parallellt med at eg bestilte garn der (som eg fekk levert på døra til meg, glimrande service!) og ville gjerne ha ein mini-Malsen til sonen sin. Etter modell av reven som eg sydde til guten min i januar. Sidan den tid har eg jo hatt lyst til å lage fleire dokkedyr eller dyredokker eller kva ein skal kalle det, så eg kasta meg ut i oppdraget sjølv om det jo er litt skummelt å skulle få dette til å likne på nokon. 

Etter ein del prøving og feiling (som vanleg) er dette resultatet. Kroppen er basert på reven sin kropp, med nokre tilpasningar. Hovudet måtte eg jobbe ein del med, men eg syns det blei bra til slutt. Eg har kjempelyst til å lage denne type dokker til butikken også, med klede, men det er såpass tidkrevande at det nødvendigvis vil bli ganske dyrt. Så eg veit ikkje om det vil vere noko marked for det. 

Uansett, her er Mini-Malsen på tur i skogen før han bli overlevert. Eg håpar dei nye eigarane blir glade i han. Og om han faktisk lignar - kva synest du?

Han har fått seg ein liten dress av i mørkeblå lin med "pinstripes", og jakke og skjerf sydd av tova ullgensrar. Som dei fleste andre kattar er han nok litt finslig og vil ikkje bli våt eller skitten på dei fine kvite beina sine så eg måtte ha med meg eit lite sitte/ståunderlag ut.
Fotoshoot med ulldyr i skogen er noko av det kjekkaste eg veit. Flaks at eg har skogen rett utanfor hageporten då, ellers ville det ikkje blitt mykje bildetaking for tida.

 Ein kvar katt med respekt for seg sjølv må kunne klatre i tre!


 Ein liten pustepause i mosen etterpå.


 Han er så godslig denne katten at han knapt legg merke til den vesle musa i steinbedet!

Og nesten best av alt, etter ønske frå meg blir honoraret utlevert i garn - då kan eg riktig fråtse i alt det fine uten å føle at eg brukar penger på ting eg egentlig ikkje treng... Så no er det berre å planlegge strikketøy framover og plukke fine fargar og kvalitetar av hjertens lyst. Herlig!

tirsdag 13. november 2012

Haustsalat

Om våren og sommaren når eg ikkje driv så mykje med sying og strikking og sånt, då er eg stort sett i hagen. Dei siste åra har me prøvd å vere flinkare til å både dyrke og bruke nyttevekster, og i år syns eg faktisk det har blitt litt svung over kjøkkenhagen. Men så er utfordringa å finne måtar å bruke det ein dyrkar på. I løpet av hausten har eg eksperimentert meg fram til ein salat som både store og små likar, her er det gulrot og grønkål henta frå hagen i november - det er vel ikkje ille! 
Mens eg laga den igjen forrige veke fekk eg lyst til å prøve meg litt på matfotografering - det er ikkje så lett å få ting til å sjå bra ut på bilde uansett kor godt det er, har eg skjønt. Men no skal eg øve meg litt på det framover, og samtidig dokumentere vår veg mot meir mat frå eigen hage. Neste år når eg skal ha permisjon skal det nemlig vere mitt store prosjekt! Vinteren skal brukast til å lese frøkatalogar og planlegge grundig, og så skal eg prøve å lage minst ein middag i veka med råvarer frå hagen. I tillegg til kjøkkenhagen har me jo ein liten hønseflokk, så egg og kylling fiksar me også sjølv. 

Oppskrifta til denne haustsalaten med grønkål, eple og gulrot finn du i hagebloggen min.