torsdag 22. desember 2011

Snøkrystallar

Den gode gamle papirsnøkrystallen har fått ein renessanse her i huset. Eg klipper og klipper, og syns det er like moro å sjå korleis mønsteret blir kvar gong eg opnar krytallen. Akkurat som då eg var lita jente. Enkel og effektfull julepynt, spør du meg, og ekstra fint blir det om ein klipper figurative motiv. Berre pass på at motivet ditt er symmetrisk, så klipper du ut eine halvdelen på den samanbretta papirtrekanten. Her har eg klippa bjeller, kristtornblad og juletre.

I gamle dagar bretta ein over og over slik at det til slutt blei 8 spissar på krystallen. Det blir veldig tjukt å klippe gjennom, så eg likar betre dei med litt færre spissar. Snøkrystallar i naturen har seks spissar, her kan du sjå korleis du kan brette for å få det slik. Eg har også laga eit par med fem spissar, her ser du korleis du brettar då.

Vinterlyset på årets kortaste dag ga ikkje optimale fotoforhold, men eg er i alle fall godt nøgd med julevinduet mitt. Så då gjenstår det berre å ønske riktig, riktig god jul til alle der ute, håpar me alle får eit strålande nytt år!

Grantrea av papir er laga etter oppskrift i Eplas Julebok


torsdag 24. november 2011

Sy ein fargeblyantrull

Ja, eg var litt usikker på kva eg egentlig skulle kalle dagens julegåvetips - så blei det altså fargeblyantrull. Men ein sånn ein kan jo brukast til andre ting også, eg har for eksempel sydd ein slik til strømpepinnene mine. Denne gongen er det ein mindre variant, som eg tenkte skulle høyre til glidelåspungen eg sydde sist. Det fins massevis av oppskrifter på nett som visar korleis du lagar ein sånn, for eksmpel denne. Eg brukte ikkje strykeinnlegg slik som er vist der, men eit mellomlag av flanell. Også brukte eg heller ikkje knyteband til lukninga, men ein hårstrikk og ein knbapp, eg tenker at det er lettare for små hender å fikse. Elles skulle eg ønske eg hadde laga lommene litt smalare, for desse blyantane her har ein tendens til å skli ut, lomma blir for laus. Kanskje eg skal kjøpe ein pakke med litt tjukkare fargekritt som vil sitte betre på plass?




tirsdag 22. november 2011

Sy ein glidelåspung


I dag tenkte eg at eg skulle vise ein glidelåspung som eg tenkte gi til ein av nevøane mine til jul, den skal fyllast med kjekke ting som sånne smågutar likar. Det fins drøssevis med oppskrifter på korleis sy slike pungar ute på verdsveven, feks denne på norsk, eller masse her på engelsk, mange av desse er nok mykje meir detaljerte enn min beskrivelse her. Men det som eg ofte slit med når eg skal sy sånne pungar, er hjørna øverst. Eg syns det blir klumpete og skjeivt der glidelåsen går nedi pungen, og får det liksom ikkje fint. Men så har eg jo sett rundt om kring på internettet at nokon skjøter på små stoffstykker i kvar ende av glidelåsen, så det ville eg prøve meg på.  Og i same slengen kan eg jo forklare korleis eg gjekk fram.

Her er det du treng:
2 stykker utterstoff så store som du vil ha den ferdige pungen + 1 cm saumrom på kvar side
2 stykker forstoff i same storleik
4 små stykker stoff som matchar ytterstoffet, like breie som glidelåsen og ca 4 cm lange
1 glidelås ca like lang som pungen

Eg brukte helikopterstoffet og det grøne pærestoffet, og ein knall oransje glidelås som sto fint til.



 1. Legg to småstykke i kvar ende av glidelåsen, eit oppå og eit under. Sy dei fast slik som dette, saumen skal vere om lag 3 cm innforbi kanten av hovudstykket:
 2. Klipp av endane på glidelåsen og brett og press stoffbitane ut mot endane. No ser du at glidelåsen inkludert dei påskjøtte bitane er like lang som ytterstoffet:

3. Legg det eine ytterstoffet med rettsida opp. Legg glidelåsen med retta ned oppå, og eine forstoffet med retta ned på toppen, slik som dette. Bruk glidelåsfot om du har og sy lang den øvste kanten. Du må sikkert flytte litt på glidelåshovudet undervegs for å komme ordentlig til, då er det lurt å ha nåla nede for å halde laga på plass.
 4. Når du no opnar opp ser du at glidelåsen ligg fint mellom ytterstoffet og forstoffet.
 5. Brett forstoffet bakover, press og sy ein stikning langs glidelåsen, bruk gjerne glidelåsfoten no også. Og som du kanskje ser så har eg glemt å stille opp stinglengda på symaskina, saumen blir mykje finare med lengre sting.
 6. Så skal andre sida syast fast. Same rekkefølge som i stad, ytterstoff nederst med retta opp, glidelåsen oppå med retta ned og forstoffet øverst med retta ned.
 7. Sy saumen, og sy ein stikning slik som under pkt 5.
 8. Så skal du brette over stoffa slik at foret er på eine sida av glidelåsen og ytterstoffet på andre sida. Sett gjerne fast med nokre nåler. NB: no må du opne glidelåsen sånn ca halvvegs, elles får du ikkje vrengt pungen etterpå!
 Eg syns det blir finastnår det vesle mellomrommet ved glidelåsen blir bretta nedover mot foret:
 9. Sy rundt heile kanten, men la det vere ei opning nederst på foret til å vrenge gjennom. Klipp av ein liten trekant ytterst på hjørna.
 10. Vreng pungen ut gjennom opninga. Bruk ein strikkepinne eller noko liknande for å få hjørna vrengt heilt ut. Sy igjen opninga med ein stikning tett inntil kanten. Gi pungen ein omgang med strykejernet mens foret er ute, etterpå vrenger du foret ned i pungen.

 Då er du ferdig, og det er berre å finne noko å fylle den opp med!

søndag 20. november 2011

Gåvetips til dei minste: skilpadde

Eg har lenge tenkt på å lage eit mønster til ei skilpadde, men så kom eg over dette mønsteret ein dag! Enkelt og lettforståeleg, og skilpadda er kjempesøt. Du treng ikkje meir enn nokre stoffrestar og litt fyllmateriale så har du ei fin-fin gåve til smårollingar. Ein kunne til og med hatt ei bjelle eller noko som skranglar inni, så kunne den blitt som ei rangle (tips: ha eit par riskorn i ein sånn gul boks som du får i kinderegget - perfekt skranglemateriale) . Eller du kan bruke den sjølv som nålepute!

lørdag 19. november 2011

Eg elskar symaskina mi!

 Eg lærte å sy på mor mi sin gamle symaskin, ein sånn Husqvarna vet du som eg trur alle mødre hadde på den tida. Seinare då eg var voksen hadde eg ein identisk Husqvarna til låns på ubestemt tid frå ei venninne som hadde fleire symaskiner enn ho kunne bruke. 

For tre-fire år sidan begynte eg plutselig å sy mykje meir enn eg hadde gjort før. Det hadde nok samanheng med at eg fekk barn, er det ikkje slik med fleire av dykk? Og for to år sidan, omtrent på den tida Epla blei starta og eg åpna Blåbærbutikken, kjøpte eg meg ein flunkande ny Janome DC4100. Og det var kjærleik frå første stund. Ikkje visste eg at eg kunne sy så beint, eller at det skulle vere så praktisk å kunne regulere hastigheita, eller at nål-opp-ned-knappen skulle gjøre ulldyrsying så mykje enklare! Og eg visste heller ikkje at det kunne gå an å sy utan å rive seg i håret av frustrasjon når maskina ikkje ville samarbeide. For Janomen samarbeida, nesten uansett kva eg fann på.

Men så, her for eit par veker sidan, sydde eg over ei knappenål som brakk og tuppen forsvant ned i symaskina. Då sa maskina stopp med store bokstavar, utropsteikn og blinkande lys (det er ikkje tull eingong, elektroniske symaskiner kan dette med å seie frå). Vanlegvis klarar eg å overtale den til å komme i gang igjen, men no var det ikkje snakk om. Det var ikkje anna råd enn å levere den inn til service. Eg var midt i julemussyinga og hadde hjertet i halsen for eg skulle jo vere med på ikkje mindre enn tre marknader i november. Heldigvis hadde svigermor ei flunkande ny symaskin til låns, som ikkje ein gong hadde blitt pakka opp sjølv om ho kjøpte den i februar. Ho var nemlig også vant til å bruke ein sånn gammal Husqvarna frå 70-talet, og ei moderne symaskin som kan programmerast med tastetrykk skapte nok rett og slett litt prestasjonsangst.

Så eg fekk svigermor sy symaskin i hus, men eg må berre seie at det var ikkje det same som gode, gamle Janome. Denne var riktignok minst like fancy og sikkert dyrare også, men det er jo noko med det du er vant til. Eg syns syinga vart hakkete og uregelmessig, eg klarte ikkje å få til jevn hastigheit og syns maskina durte og laga ulydar eg ikkje klarte å tolke. Det blei jo ein del julemus av det, men også litt riving i håret...

Men i går hadde mannen i huset vore og henta maskina mi, og kva kan eg seie anna enn at det var ein fryd og ei glede å pakke den ut og skru den på. Den vesle lyden som kjem når du skrur på knappen, det varme lyset som slår seg på - det var som å sjå ein god, gamal venn igjen. Og når eg hadde trædd i og trykte på pedalen, var det som å høyre ein katt som mol - så jevn og fin ein dur! Mannen rista på hovudet mens eg deklamerte evig troskap til Janome, og sa eg fekk heller blogge om det til folk som forsto. Så no lurar eg på om det er nokon andre der ute som er like glade i symaskinene sine som eg er i mi?
Janome 4-eva!

torsdag 17. november 2011

Vridd skjerf - oppskrift

Har du sett desse møbiusskjerfa som er populære i strikkeverda for tida, som dette eller dette? Her om dagen fekk eg lyst til å prøve meg på å sy noko slikt, eit skjerf som kunne fungere på fleire måtar. No syns eg jo eg har så mange fine stoff på lager, med fargar og trykk som eg gjerne vil vise fram. Då er dette prosjektet perfekt, på ein kjapp og enkel måte kan du lage fargerikt tilbehør som piffar opp antrekket. Eg lagde to, eit av lappar og eit av eit enkeltstoff. Det kan brukast både over skuldrane som eit sjal, kanskje det kunne vore fint over ein kjole når du verkeleg skal pynte deg? 

Eller du kan surre det dobbelt om halsen slik som dette, denne kaufmanbomullen som eg ha brukt her er så lett og mjuk at den er kjempefin å ha så tett på huda:

På dette skjerfet har eg brukt eit trykk i limegrønt og kvitt, eg syns det gjorde seg godt saman med grått.

Her er lappevarianten, der eg har brukt fire ulike trykk frå Pick a Bunch-kolleksjonen til Nancy Mims. Dei er jo så fine saman!

Og her har fotografen (mannen i huset) begynt å bli kald og lei, så dette er det beste bildet eg har av dobbel surring med dette skjerfet:

Kunne du tenke deg å sy noko slikt? Her har du oppskrifta!

Til eit skjerf treng du to lengder på 25 x 140-150 cm om du berre brukar eitt stoff. Til lappeskjerfet brukte eg 16 lappar på 20 x 25 cm, fire av kvart stoff. Då passar det kjempefint med 4 kvartmetre (fat quarters). For anledninga har eg laga ein pakke med dei same stoffa som eg har brukt her (fri frakt er det også, heile november). Du kan sjølvsagt bruke andre storleikar på lappane avhengig av kva stoff du vil bruke, men det skal må utgjøre to lengder på 140-150 cm til slutt.

1. Klipp/skjær til dei lappane du skal ha og legg dei ut for å finne den rekkefølga du vil ha. Du kan ha remsene heilt like eller du kan gjøre dei ulike - eg valte det siste.
 2. Sy saman lappane til to remser på 140-150 cm. press saumane opne.
 3. Legg remsene rette mot rette og sy langs langsidene men begynn og slutt ca 5 cm frå begge kortendane!
 Alle hjørna skal sjå slik ut:
 4. No har du ein tube, vreng den slik at retta kjem ut. Press saumane.
 5. Vri tuben ein omgang.
 6. Brett inn endane på tuben mot midten. Ser du at eg har bomma litt her og endt opp med same stoffet i dei endane som skal syast saman? Uproft...
 7. Brett opp enden på tuben der du lot det vere 5 cm opning i pkt 3.
 8. Nål fast dei to baksidestoffa på tuben rette mot rette. Sy.
 9. No skal dei to framsidestoffa nålast saman rette mot rette, her må du etterkvart vrenge tuben litt for å få det til. Sy.
 10. No ser det sånn ut, tuben er sydd saman til ein sylinder men det er framleis opningar på begge sider av den siste saumen du sydde.
 Stikk handa gjennom, ta tak i den eine opninga og vreng den ut gjennom den andre.


Sy igjen opninga og vreng tilbake.

11. Sy igjen den siste opninga for hand, sjølv brukar eg alltid stigesting når eg vil at saumen skal bli så usynleg som mogleg.
Det var det, no er det berre å tre det på!