lørdag 30. april 2011

Mine beste loppefunn: Penneteikning

I minst 15 år har eg vore ivrig gjest hos brukthandlarar og på loppemarknader. Som mange andre elskar eg å finne skattar i i gamalt rot og skrot, og etterkvart har det blitt ein heil del loppefunn. No vil eg vise fram litt av det her på bloggen, så kvar lørdag framover blir det nytt loppeinnlegg! Kanskje fleire vil bli med? Eg vil gjerne sjå andre sine bruktkupp også!

I dag vil eg vise fram ein slags blindpassasjer eg fekk med meg frå ein loppemarknad her i byen i fjor. Det var Dyrebeskyttelsen som arrangerte, og marknaden var utandørs. Me bur jo i Bergen, så det byrja sjølvsagt å regne. Kassane med gamle bøker blei dekt til med presenning og eg holdt på å gå heim utan å sjå på dei. Men så måtte eg berre stikke nasen nedi ei kasse likevel. Der fann eg to bind "Husmorens Leksikon" frå 1947, eg kjøpte dei fordi eg aldri kan motså eit fint marmorert bokomslag. Kika ikkje så nøye inni sidan veret var som det var. Då eg kom heim oppdaga eg alle dei morsomme småteikningane inni boka, eit fantastisk bokmerke med ugle på, og ikkje minst rosinen i pølsa - ei lita penneteikning av ei kvinne som kikkar seg over skuldra var låg laust inne i det eine bindet. Ingen signatur eller dato, så eg anar ingenting om bakgrunnen for bildet. Men eg syns det er kjempefint! No har det fått passande ramme og glas, og har fast plass på syrommet i kjellaren.



fredag 29. april 2011

Regnboge i tråd

Har du nokon gong vore på loppemarknad og funne ein pose full av det som ser ut som trådrestar og garnstumpar? For så å komme heim og innsjå at du har fått eit liten skatt mellom hendene når du opnar posen? Nokon har tømt syskrinet eller strikkekorga, og restane vitnar om flittige hender og ferdige eller uferdige prosjekt. Eg klarar aldri å gå frå slike posar! Her om dagen leika eg meg litt med sånt noko, og resultatet skal få stå på stas i syrommet ei stund, til inspirasjon og glede for syn og sinn.
God fredagskveld!

(ps: i morgon set eg i gang ein liten serie; mine finaste loppefunn! Kvar lørdag framover vil eg vise fram bruktfunn eg er spesielt godt nøgd med, av ein eller annan grunn. Andre som vil vere med på leiken? Vis fram dine, du også!)

onsdag 20. april 2011

Ulldyrpåske

Eg brukar påskeferien på å sy ein god liten geng med ulldyr til ein ny butikk som skal opne i Bergen snart. Eg har ikkje så lang tid på meg så her er det berre å henge i! Innimellom påskekos og hageliv i det herlige solskinnet...

Og her er forresten ein annan gjeng, som no er på plass hos Rundt & Rundt Redesign i Kabelvåg:
Det byrjar bli tomt i hyllene med gamle ullgensrar no, synd eg har gått glipp av så mange loppemarknader i vår. Eg får sette min lit til gode, gamle Fretex som alltid stiller opp. Som de kanskje veit lagar eg alle ulldyra mine av resirkulerte ullplagg. Eg tovar dei på høg temperatur i vaskemaskina og får dermed den finaste ullfilten du kan tenke deg! Eg fell ofte i stavar over dei nydelige fargane og teksturane i ein ladning frå kokvasken, sjå berre her:

På tide å lage noko i raudt og oransje, no!

fredag 15. april 2011

Fredagsfavorittar på Epla

Lenge sidan sist no, eg har vore på ferie i Spania og eg kan love at det gjorde godt med litt sol og varme. ikkje minst var det deilig å komme heim igjen til vår! Epla lyser ut listekonkurranse, dei vil ha fine vårlister og dette er mitt bidrag. Den får duge som fredagsfavorittliste også. Klikk på bildet for å komme til heile lista, den er adskillig lengre enn dette!