mandag 23. mars 2009

Reveraudt

Dette ullstoffet fann eg på... Fretex, min favorittbutikk! Det er omlag ein meter, 140 cm bredt. Eg likar egentlig best baksida som er einsfarga rustraud, rutemønsteret på framsida kan eg styre meg for. Eg hadde tenkt å sy eit skjørt av det, før eg innsåg at det er perfekt til raudrevar (mønster frå same bok som terrieren). Eg har vel egentlig allereie sydd ein rev, men den er eg ikkje fornøgd med så eg må nok prøve meg på nytt.


Hus til strikkepinnene

Eg laga eit par slike strikkepinneetui til å gi vekk til jul, no var turen endeleg komen til meg sjølv. Eg brukte lingardin til utsida og storblomstrete gardin til innsida, begge frå Fretex. Eg syns sjølv det blei ein bra kombinasjon, den litt rå naturfarga linen dempar blomemønsteret akkurat passelig. Spørs om ikkje eg må lage ei veske med dei same stoffa.






fredag 20. mars 2009

Tweedterrier

Eg hadde ei gamal tweedbukse som eg likte veldig godt, og den blei tilsvarande mykje brukt. Tilslutt var den altfor sliten og nuppete, og eg måtte tenke nytt. Innsida av stoffet var stort sett like fint, og det slo meg at det måtte vere perfekt for ein terrier!

Det er nok sånn at mi gjenforening med symaskin og strikkepinnar heng tett saman med at eg fekk barn for snart to år sidan. Mykje av det eg lagar er til dotter mi eller andre små i nærleiken. Nyleg kom eg over boka Sy myke dyr av Karin Neuschütz og då var det gjort; no er eg hekta på små pusekattar, revar, kaninar og esel. Boka er full av lettfattelege mønster til relativt naturtro fine tøydyr, her er alt frå røyskatt til sjiraff til selunge. Du kan lage eit heilt fjøs også om du vil; kyr (med jur!), kalvar, hestar, esel, grisar og grisungar. No har eg altså begynt med ein terrier, og eg kjenner på meg at det blir fleire snart...


tirsdag 10. mars 2009

Ugle

Desse uglene er kjappe å sy, og fine smågåver til ungar som er besøk. Dei gjorde seg også bra i fastelavensriset, her i huset vart det ein liten ugleskog... Oppskrift fins her. Det blå linstoffet er ei gamal bukse som blei for liten, og det mønstra stoffet på magen er ein liten rest. Ugla er kanskje 7-8 cm høg.

Vottar

Eg strikka vottar til jenta mi i vinter, det var noko ullgarn eg har hatt liggande i åresvis så eg veit ikkje namnet på det. Vottane blei tova i vaskemaskin og er tette og gode. Problemet er at dei er i stivaste laget når ein skal kle på ei jente på snart to år tidleg om morgonen, og skal prøve å stappe vottane innafor eit trongt regnjakkeerme...

Strikketøymappe

Denne er grei å ha strikketøyet i, både heime og når ein skal på tur. Min er litt i minste laget, eg trur eg må sy meg ein som er større også. Eg brukte denne oppskrifta, fleire her. Min er ikkje fora, eg må prøve å fundere fram ein måte å gjøre det på for det ville nok vere finare.

Tøykorger

Desse har eg laga i ulike storleikar og gitt vekk i julegåve. Dei kan brukast til nøtter, til brødkorg, til oppbevaring av likt og ulikt. Eg har ei ved sidan av symaskina når eg syr, der samlar eg opp trådrestar og rusk som elles alltid hamnar på golvet. Oppskriftar på ulike variantar finst her.


lørdag 7. mars 2009

Gardinar frå Fretex

Gardinstativet på Fretex er ein ypperleg plass å finne billig stoff. Som regel kostar det mellom 20 og 50 kroner for eit gardinfag, og det er jo ofte fleire meter. Her er eit (noko blomstrete) utval av det eg har funne. Frå venstre:

3 gardinfag blomstrete, tynn bomull, bredde 140 cm, totalt ca 6 meter
Metervare bomull, 120 cm brei, ca 1 meter
Gardinfag bomull/lin, Åhlens, ca 2 meter

Dei to småblomstra skal eg blant anna bruke til bunting (kva heiter det på norsk?) som kan henge ute i hagen når me har ting å feire i heimen. Har ein del andre stoff som skal brukast til det også, så det blir riktig så fargerikt og fint.


Og her er det blomstrete så det held... Men når ein er så glad i blomar som meg så er det vanskeleg å la vere. Fine detaljar i desse botanikkinspirerte illustrasjonane, her er roser, peoner, tulipanar, rhododendron, nellikar og meir til. Eg kjøpte tre fag, godt over ni meter tilsaman. Gudane veit kva eg skal bruke det til utan at det tippar over og blir for mykje av det gode. Eg finn vel på noko, tenker eg.


Så over på det enkle; eg likte godt teksturen på denne gardina, litt vaffelstoffaktig. Kan bli ein fin bluse? Eller ein heil haug kjøkkenhanddukar? Har ca to meter av denne.




Loppemarknad

I dag var det loppis på Rothaugen Skule, eg kjøpte ein heil del stoffar for ein billig penge. Her er nokre av dei. Frå venstre:
Lingardin (Ikea) omlag 3 meter
Duk, bomull, Mayfair Julia (?), ca 120 x 120 cm
Metervare bomull, gammelrosa ruter 140 cm brei, 1,5 meter
Metervare bomull, Laura Ashley, 120 cm brei, 1,7 meter


Fint og søtt. På Laura Ashley-stoffet hang faktisk den opprinnelege prislappen på; 374,-. Eg betalte 60,- for alle desse fire pluss to til som er til vask. Bra kjøp!