fredag 27. november 2009

Dyra mine på Epla.no

Eg har hatt det travelt for tida, det vil seie så travelt som ein kan ha det når ein er sjukmeldt og ute av stand til å bevege seg rundt som normalt pga bekkenløsning... No er det berre sju veker igjen til termin og då blir alt så mykje betre, håpar eg.

Men tilbake til det travle; noko må eg jo finne på her eg ligg på sofaen, og det har blitt ein heil del dyr sidan sist. Det å teikne nye mønster er akkurat passe kreativ utfordring for tida, fulgt av korte ekskursjonar til symaskina for å sy dei saman. Så tilbake til sofaen for å stappe, sy og brodere. Eg er rimelig hekta, og det blir nok ein del slike under juletrea til småungane i slekta i år. Men likevel er det mange fleire enn eg treng, så når eg hørte om Epla tidlegare i månaden fann eg ut eg skulle hive meg med. Så no er dyra å finne her! Mykje fint på Epla, høgst variert utval og ein god blanding av seriøs design og det meir heimespøta. Håpar det går bra for konseptet og at mange oppdagar gleda ved å kjøpe handlaga. Sjølv har eg også handla litt på Etsy tidlegare som er ufattelig stort, der kan ein finne det mest utrulige. Veldig bra at folka bak Epla har tatt initiativet til ein norsk variant!

Her er eit utval av dei nye dyra eg har laga, klikk på bilda for større utgåve:





Og eg har heile tida nye på teikneblokka, no er eg snart klar med min egen isbjørnvariant, ei krokodille og ein hest. Eg lagar dyra i ny ullfilt, eller ullfilt som eg lagar sjlølv av gamle lammeullsplagg som blir vaska og tova i maskin. Så har eg bestilt vaska, karda ull frå HIFA som eg brukar til stapping. Og eit og anna loppisfunn til detaljar. Med andre ord, gjenbruk og miljøvennlege tekstilar - akkurat slik eg likar det!


onsdag 4. november 2009

Fleire dyr

Gris og isbjørn - isbjørnen er laga for lenge sidan i ullfilt, ansiktet er brodert på med svart ullgarn. Øyra er sydde på for hand, no har den blitt herja med eit halvår og det har holdt fint. Godt å få teste ut desse tinga! Grisen laga eg her om dagen, av bomullsfløyel frå eit loppisputetrekk. Det var noko herk å sy, gjer det ikkje igjen! eg kom heile tida skeivt ut, og det har veldig lett for å rakne i kantane. Lurar på om den bør få seg ein munn?

tirsdag 3. november 2009

Elefant

Boka "Sy myke dyr" av Karin Neuschütz er heilt fantastisk, og no har eg, som ho oppfordrar til, begynt å eksperimentere med mine eigne mønster. For tida prøver eg ut ein serie på tre dinosaurar, men dei er ikkje klare til å visast enno. Eg nøyer meg med denne elefanten sydd i blå ullfilt, ei bursdagsgåve til ein treåring. Ullfilt er eit utrulig takknemlig materiale å sy i, og dyra blir veldig gode å halde i. Som eg skulle ønske eg hadde eit skikkelig kamera som kunne få ting til å framstå i eit litt betre lys!

To kjolar

Eit par kjolar sydd den siste tida; den eine utelukkande av gamle dukar, den andre av gamle klede.

På grunn av ei uheldig oppklipping av skjørtdelen måtte det bli eit litt rart legg midt på denne, men det var i grunnen ikkje så verst. Eg har sydd den ut frå mitt eige hovud, men livet er litt stort for ein toåring. Neste gang lagar eg det litt smalare og med mindre armhol. Den er også litt kort, men er tenkt meir som ein tunika utanpå bukse. Eg ser den kunne vore stroke betre på bildet...


Denne er sydd til ei jente som fyller eitt år i desse dagar, det grøne stoffet kjem frå ein kjole eg ein gong fekk av mora hennar for å klippe opp og bruke til noko, då syns eg det var passande å gi den tilbake i denne forma! Det brune prikkete stoffet er frå ei skjorte. Begge er viskosestoff, og det var ikkje så moro å sy i... men no har eg prøvd det også og er i grunnen ganske fornøyd med resultatet.