tirsdag 8. januar 2013

Vårgrønt?

Tenk, då var det gått ein heil månad sidan siste innlegg! Snakk om å gå i dvalemodus, eller kanskje heller rugemodus. Eg vraltar rundt som ei framtung gås, det vil seie eg vraltar vel minst mulig sidan alt som handlar om å bevege seg er vondt, og om eg skal ut av huset må eg ha krykkehjelp. No er det 6-7 veker igjen til termin så eg begynner i det minste å sjå ein ende på det.

Og så har det vore både jul og nyttårsfeiring, det var hyggelig og veldig low key - ein kan kose seg sjølv om huset ikkje er heilt ship shape og julepynten litt redusert. Så det blei fokus på god mat og familie, og det er jo slett ikkje noko å kimse av. 

Eg har strikka og strikka kjennest det ut som, men har ikkje så mykje å vise igjen for det. Det har blitt både vest, tunika, sokkar og vottar til ungane - men alt blir visst tatt i bruk med ein gong det er ferdig og eg rekk ikkje ta bilder før det er havna i barnehagen eller i skittentøyskorga. Ikkje har det vore noko særlig til ver å ta utandørsbilder i heller. 

Heimestrikka julegåver har det også blitt, for det meste vottar og pulsvarmarar pluss ein hals, men også der må eg melde pass når det kjem til dokumentasjon. Skjerpings! 

Men i dag har det vore fint ver for første gong i det nye året, sola skin bak ein trolsk dis og eg tok med meg eit par ting ut i hagen/skogen for fotografering. Først ut er eit svært sjal eg hekla til meg sjølv. Det begynte eg på for lenge sidan, trur eg må ha kjøpt garnet for fleire år sidan, men det blei aldri ferdig. Når eg tok det fram igjen no i haust syns eg det måtte vere større, så eg gjekk på garnbutikken og vart overraska då eg fann at fargen framleis var i sortimentet, det er Drops alpakka i mørk oliven. Det er ein enkel bestemorruteteknikk med halvstaver, og tilslutt hekla eg ein tungekant rundt i ein litt lysare grøn. Perfekt sjal til å ha rundt skuldrane ein kjølig dag, eg seier meg nøgd!




Det har ikkje blitt mykje søm den siste tida, bekkenløsning og symaskin er ingen god kombinasjon. Men dokka til jenta i huset fekk seg to nye kjolar til jul, det var på høg tid med litt garderobefornying der. Kjappe og enkle prosjekt, slik det må vere no for tida.



Eg hadde i det heile tatt ei fin stund i hagen ein halvtimes tid før eg måtte inn igjen og legge meg ned, det var ein herlig dag og overraskande grønt på bakken - reine vårstemninga! Hønene fekk også kome ut i hagen ein tur, dei har ein stor og romslig hønsegard men der er det ikkje mykje grønt å finne. Som de ser storkoste dei seg på plenen og fann ein heil del gras å beite på. Dei verper på høygir om dagen, eg trur dei også må vere i vårmodus. Så her i huset er det egg til frokost, lunsj og kvelds om me vil. 

Håpar me får fleire sånne dagar no framover, for min del kan godt vinteren vere over no! Skjønt det er vel for mykje å håpe på.

4 kommentarer:

  1. Hei :) Fin blogg, fine bilete, fine ting du lagar, fint språk (jippi) :)
    Eg legg meg til som følgjar med det same! :)
    Mvh, KristiN

    SvarSlett