fredag 4. desember 2009

Favorittar i blått og kvitt

Det er utrulig mykje fint å finne på Epla.no, her er nokre av mine favorittar akkurat i dag:

fredag 27. november 2009

Dyra mine på Epla.no

Eg har hatt det travelt for tida, det vil seie så travelt som ein kan ha det når ein er sjukmeldt og ute av stand til å bevege seg rundt som normalt pga bekkenløsning... No er det berre sju veker igjen til termin og då blir alt så mykje betre, håpar eg.

Men tilbake til det travle; noko må eg jo finne på her eg ligg på sofaen, og det har blitt ein heil del dyr sidan sist. Det å teikne nye mønster er akkurat passe kreativ utfordring for tida, fulgt av korte ekskursjonar til symaskina for å sy dei saman. Så tilbake til sofaen for å stappe, sy og brodere. Eg er rimelig hekta, og det blir nok ein del slike under juletrea til småungane i slekta i år. Men likevel er det mange fleire enn eg treng, så når eg hørte om Epla tidlegare i månaden fann eg ut eg skulle hive meg med. Så no er dyra å finne her! Mykje fint på Epla, høgst variert utval og ein god blanding av seriøs design og det meir heimespøta. Håpar det går bra for konseptet og at mange oppdagar gleda ved å kjøpe handlaga. Sjølv har eg også handla litt på Etsy tidlegare som er ufattelig stort, der kan ein finne det mest utrulige. Veldig bra at folka bak Epla har tatt initiativet til ein norsk variant!

Her er eit utval av dei nye dyra eg har laga, klikk på bilda for større utgåve:





Og eg har heile tida nye på teikneblokka, no er eg snart klar med min egen isbjørnvariant, ei krokodille og ein hest. Eg lagar dyra i ny ullfilt, eller ullfilt som eg lagar sjlølv av gamle lammeullsplagg som blir vaska og tova i maskin. Så har eg bestilt vaska, karda ull frå HIFA som eg brukar til stapping. Og eit og anna loppisfunn til detaljar. Med andre ord, gjenbruk og miljøvennlege tekstilar - akkurat slik eg likar det!


onsdag 4. november 2009

Fleire dyr

Gris og isbjørn - isbjørnen er laga for lenge sidan i ullfilt, ansiktet er brodert på med svart ullgarn. Øyra er sydde på for hand, no har den blitt herja med eit halvår og det har holdt fint. Godt å få teste ut desse tinga! Grisen laga eg her om dagen, av bomullsfløyel frå eit loppisputetrekk. Det var noko herk å sy, gjer det ikkje igjen! eg kom heile tida skeivt ut, og det har veldig lett for å rakne i kantane. Lurar på om den bør få seg ein munn?

tirsdag 3. november 2009

Elefant

Boka "Sy myke dyr" av Karin Neuschütz er heilt fantastisk, og no har eg, som ho oppfordrar til, begynt å eksperimentere med mine eigne mønster. For tida prøver eg ut ein serie på tre dinosaurar, men dei er ikkje klare til å visast enno. Eg nøyer meg med denne elefanten sydd i blå ullfilt, ei bursdagsgåve til ein treåring. Ullfilt er eit utrulig takknemlig materiale å sy i, og dyra blir veldig gode å halde i. Som eg skulle ønske eg hadde eit skikkelig kamera som kunne få ting til å framstå i eit litt betre lys!

To kjolar

Eit par kjolar sydd den siste tida; den eine utelukkande av gamle dukar, den andre av gamle klede.

På grunn av ei uheldig oppklipping av skjørtdelen måtte det bli eit litt rart legg midt på denne, men det var i grunnen ikkje så verst. Eg har sydd den ut frå mitt eige hovud, men livet er litt stort for ein toåring. Neste gang lagar eg det litt smalare og med mindre armhol. Den er også litt kort, men er tenkt meir som ein tunika utanpå bukse. Eg ser den kunne vore stroke betre på bildet...


Denne er sydd til ei jente som fyller eitt år i desse dagar, det grøne stoffet kjem frå ein kjole eg ein gong fekk av mora hennar for å klippe opp og bruke til noko, då syns eg det var passande å gi den tilbake i denne forma! Det brune prikkete stoffet er frå ei skjorte. Begge er viskosestoff, og det var ikkje så moro å sy i... men no har eg prøvd det også og er i grunnen ganske fornøyd med resultatet.

torsdag 29. oktober 2009

Hyperbolisk

Om korallrev, hekling og matematisk teori på høgt plan... Matematikeren Margaret Wertheim fortel om prosjektet der ho og søstra, og etter kvart mange fleire, heklar eit korallrev og slik brukar eit århundregamalt handverk for å illustrere geometriske idear ein trudde ikkje kunne illustrerast. Vel verdt å bruke eit kvarter på å sjå denne videoen!
Les meir om Werthheim her.

tirsdag 20. oktober 2009

Loppefunn

Eg har fått med meg eit par loppemarknadet i haust, trass i veksande mage og påfølgande dårlig gangevne... Her er eit par av funna mine.

Ein pose full av knappar

Nokre treleiker

Metervis med sartrosa band
Nokre handbroderte lindukar

Vevde lindukar - eg er veldig svak for slike, men er usikker på kva periode dei var populære. Tenker mellom 50- og 70-talet, tru om det kan stemme?

mandag 19. oktober 2009

Barnetunika

Dette mønsteret er frå Ottobre Design nr. 6/2008, eg har brukt ei stripete bomullsgardin frå Fretex og i halsopningen ein liten bit av ein blomstrete duk kjøpt på loppemarknad. Syns det blei ein fin kombinasjon sjølv, men jentungen nektar å ta den på seg. Kva skal ein gjere med sånt?

Elvirakjole

Dette mønsteret fann eg på Ravelry, ei gullgruve for strikkarar. Eg hadde kjøpt tre nøster alpakka på salg i denne litt kalde rosa fargen og lurte på kva eg skulle bruke dei til. Med ei toårig jente i hus var det ikkje noko meir å lure på då Elvira dukka opp, og no funderar eg på vaksenversjonen til meg sjølv... men det blir kanskje litt i meste laget. Både eg og jenta er i alle fall veldig godt nøgde med kjolen, og den kjem nok til å passe som tunika i mange år framover.

Kjapp gåve til ei snill tante

Det har blitt ein del slike korger i det siste, dei er utrulig kjappe og greie å sy. Perfekt når du plutselig treng ei gåve. Forstoffet er bomullsgardin frå Fretex, det øverste blåmønstra er ein stoffrest, det nederste blåmønstra er eit Laura Ashleystoff frå loppemarknad. Hempene er frå ein svær rull med band som også er kjøpt på loppis. Huset er snart fylt opp med gamle stoff og syutstyr...

fredag 25. september 2009

Veske

Ja, så har det gått frå april til september utan eit einaste innlegg her. I sommarhalvåret er me mest ute i hagen, og blogging blir ikkje prioritert. Men eg har vore innom nokre loppemarknader og bruktbutikkar likevel, skaffa ein del meter gjenbruksstoff og jammen har eg ikkje sydd litt også. No er hausten her med mørke kveldar og regntunge dagar, då spørs det om ikkje produksjonen både ved symaskina og i bloggen tar seg opp ein smule.

Denne veska, The Margaret Bag, sydde eg i mai. Utsida er ei blomstrete bomullsgardin frå Fretex (meir svart enn det som visast på bilda) og foret er av ei lingardin funne på loppis. Knappen trur eg også kjem frå Fretex. Eg brukte ikkje nokon form for avstiving innvendig, eg syns det er heilt ok at den er litt laus i fisken. Derimot er eg ikkje heilt nøgd med fasongen, ikkje lang nok etter min smak. Trur eg må lage ei til og moderere mønsteret litt.




I morgon er det nytt loppemarknad, eg gler meg voldsomt!

torsdag 9. april 2009

Flower Power

Eg har egentlig aldri hamna på dette 70-tals retrokjøret, kan styre meg for bråkete mønster i brunt og oransje... Men eg klarte ikkje stå imot desse her, skal nok klare å få brukt dei til noko tenker eg.

Den blå er ein duk kjøpt på loppemarknad, den kan vel vere 200 x 150 cm.


Det grønne er eit putetrekk eg fann på loftet i barndomsheimen min, og det rosa ei gardin frå Fretex. Heftige saker!

mandag 23. mars 2009

Reveraudt

Dette ullstoffet fann eg på... Fretex, min favorittbutikk! Det er omlag ein meter, 140 cm bredt. Eg likar egentlig best baksida som er einsfarga rustraud, rutemønsteret på framsida kan eg styre meg for. Eg hadde tenkt å sy eit skjørt av det, før eg innsåg at det er perfekt til raudrevar (mønster frå same bok som terrieren). Eg har vel egentlig allereie sydd ein rev, men den er eg ikkje fornøgd med så eg må nok prøve meg på nytt.


Hus til strikkepinnene

Eg laga eit par slike strikkepinneetui til å gi vekk til jul, no var turen endeleg komen til meg sjølv. Eg brukte lingardin til utsida og storblomstrete gardin til innsida, begge frå Fretex. Eg syns sjølv det blei ein bra kombinasjon, den litt rå naturfarga linen dempar blomemønsteret akkurat passelig. Spørs om ikkje eg må lage ei veske med dei same stoffa.






fredag 20. mars 2009

Tweedterrier

Eg hadde ei gamal tweedbukse som eg likte veldig godt, og den blei tilsvarande mykje brukt. Tilslutt var den altfor sliten og nuppete, og eg måtte tenke nytt. Innsida av stoffet var stort sett like fint, og det slo meg at det måtte vere perfekt for ein terrier!

Det er nok sånn at mi gjenforening med symaskin og strikkepinnar heng tett saman med at eg fekk barn for snart to år sidan. Mykje av det eg lagar er til dotter mi eller andre små i nærleiken. Nyleg kom eg over boka Sy myke dyr av Karin Neuschütz og då var det gjort; no er eg hekta på små pusekattar, revar, kaninar og esel. Boka er full av lettfattelege mønster til relativt naturtro fine tøydyr, her er alt frå røyskatt til sjiraff til selunge. Du kan lage eit heilt fjøs også om du vil; kyr (med jur!), kalvar, hestar, esel, grisar og grisungar. No har eg altså begynt med ein terrier, og eg kjenner på meg at det blir fleire snart...


tirsdag 10. mars 2009

Ugle

Desse uglene er kjappe å sy, og fine smågåver til ungar som er besøk. Dei gjorde seg også bra i fastelavensriset, her i huset vart det ein liten ugleskog... Oppskrift fins her. Det blå linstoffet er ei gamal bukse som blei for liten, og det mønstra stoffet på magen er ein liten rest. Ugla er kanskje 7-8 cm høg.

Vottar

Eg strikka vottar til jenta mi i vinter, det var noko ullgarn eg har hatt liggande i åresvis så eg veit ikkje namnet på det. Vottane blei tova i vaskemaskin og er tette og gode. Problemet er at dei er i stivaste laget når ein skal kle på ei jente på snart to år tidleg om morgonen, og skal prøve å stappe vottane innafor eit trongt regnjakkeerme...

Strikketøymappe

Denne er grei å ha strikketøyet i, både heime og når ein skal på tur. Min er litt i minste laget, eg trur eg må sy meg ein som er større også. Eg brukte denne oppskrifta, fleire her. Min er ikkje fora, eg må prøve å fundere fram ein måte å gjøre det på for det ville nok vere finare.

Tøykorger

Desse har eg laga i ulike storleikar og gitt vekk i julegåve. Dei kan brukast til nøtter, til brødkorg, til oppbevaring av likt og ulikt. Eg har ei ved sidan av symaskina når eg syr, der samlar eg opp trådrestar og rusk som elles alltid hamnar på golvet. Oppskriftar på ulike variantar finst her.