torsdag 22. desember 2011

Snøkrystallar

Den gode gamle papirsnøkrystallen har fått ein renessanse her i huset. Eg klipper og klipper, og syns det er like moro å sjå korleis mønsteret blir kvar gong eg opnar krytallen. Akkurat som då eg var lita jente. Enkel og effektfull julepynt, spør du meg, og ekstra fint blir det om ein klipper figurative motiv. Berre pass på at motivet ditt er symmetrisk, så klipper du ut eine halvdelen på den samanbretta papirtrekanten. Her har eg klippa bjeller, kristtornblad og juletre.

I gamle dagar bretta ein over og over slik at det til slutt blei 8 spissar på krystallen. Det blir veldig tjukt å klippe gjennom, så eg likar betre dei med litt færre spissar. Snøkrystallar i naturen har seks spissar, her kan du sjå korleis du kan brette for å få det slik. Eg har også laga eit par med fem spissar, her ser du korleis du brettar då.

Vinterlyset på årets kortaste dag ga ikkje optimale fotoforhold, men eg er i alle fall godt nøgd med julevinduet mitt. Så då gjenstår det berre å ønske riktig, riktig god jul til alle der ute, håpar me alle får eit strålande nytt år!

Grantrea av papir er laga etter oppskrift i Eplas Julebok