torsdag 25. oktober 2012

Eplas Jul 2

I går kom denne i posten til meg, og den er minst like flott som fjorårets! Mange fine prosjekt, i år skal eg jammen gjøre alvor av planane om å bake julebrød etter å ha sett Siw sin oppskrift. Også trur eg at eg skal strikke Ugleloftet sine pulsvarmarar i gåve til dei snille barnehagetantene til ungane (men må kanskje finne på noko anna til dei like snille barnehageonklane...) 

Eg er så heldig å få vere med i år også, denne gongen med snøkrystallar av papir, slike som eg laga i fjor til jul. Dei er enkle å lage hvis ein berre har ei skarp saks og ein liten dose tålmodigheit, ville vore kjekt å sjå andre sine versjonar så legg gjerne igjen ei lenke om du tar saksa fatt!

Boka kan du få kjøpt i kioskar og daglegvarebutikkar, eller her på Epla. Du kan også vinne den i Eplabloggen. I alle tilfelle så syns eg boka er vel verdt å anbefale. Og når eg kikkar ut vinduet så er det beint fram julestemning også, for i dag kom snøen. Det syns eg egentlig ikkje noko om, men eg har det jo tross alt fint her i sofakroken med min gode venn Monsemann:






tirsdag 23. oktober 2012

Dinosaurstrikk

Det er rolige dagar her i heimen, energinivået er ikkje akkurat sprudlande og kroppen heller skrøpelig. I alle mine svangerskap har eg vore til dels sterkt plaga med bekkenløsning, og denne gongen kom den veldig fort og med full kraft. Resultatet er sjukmelding og sofasliting, og enno er det fire månader igjen. Det hender eg set meg til ved symaskina men det må bli korte økter, heldigivs kan klipping av møsnterdelar og stapping av ulldyr gjerast nesten like bra i halvhorisontal stilling i sofaen som ved arbeidsbordet. Så det ramlar inn litt ulldyr i eplabutikken i ny og ne. 

Men eg har også innsett at strikking egner seg ypperlig til tidtrøyte i desse dagar. Ungane har fått nye luer til vinteren, jenta i huset som lenge har vore heilt i mot heimestrikk er blitt overtalt til at ein ermelaus kjole i alpakka må vere fint no på vinteren, og eg har begynt å ymte frampå til mannen om at han burde hatt ein klassisk strikkevest, kunst- og handverkslærar som han er. Så langt er han tvilande til det, men eg jobbar med saken. 

Den enklaste av dei er minstemann som blir tre i januar, han syns stort sett det er greit å gå med det som mora seier. Sjølv om han aller helst vil at det skal vere brannmann Sam på alt han har, så syns han det er ganske fint med dinosaurar også. Så eg har strikka dinosaurgenser til han.

Det er ein tynn ullgenser strikka etter Nøstebarn sitt gratismønster, eg har strikka bolen lenger enn oppskrifta for guten er smal og lang, og vrangbord i staden for rullekant på erma. Me har brukt Nøstebarn sin rullegenser mykje før takka vere ei snill strikkemormor, og denne er jo egentlig ganske lik. Desse tynne ullplagga er både varme og praktiske, også så gode ha på seg! 

Dinosaurmønsteret har eg funne her, dei er strikka i ein rest isblå alpakka frå gamle dagar. Elles er genseren strikka av Shetland Soft frå Malsen og Mor, det er så utrulig mange fine fargar i dette garnet! Denne heiter Grønn isfugl. Eg er veldig nøgd med garnet og kjem definitivt til å kjøpe meir av det til seinare prosjekt. 

Så får det heller stå til at genseren er meir passelig til storesøster på fem enn lillebroren. Han kan alltids spare den til neste år. Kan vere godt å ha noko på lur då, i tilfelle strikkebasillen har tenkt å forlate meg igjen når eg klarar meg betre utan sofa.



torsdag 18. oktober 2012

Produktbilder i lyskasse

eplaforumet er det ofte spørsmål om korleis ein kan ta gode produktbilder. Eg dreiv og tok litt bilder i går, og tenkte eg kunne vise min metode som baserar seg på ein høgst heimesnekra "lyskasse". Og når eg seier heimesnekra så snakkar eg pappeske og teip, heilt basic med andre ord, men det funkar for meg. Poenget med ein slik kasse er både å få fanga lyset og sendt det inn mot gjenstanden, og å gi ein nøytal, fin bakgrunn. Denne metoden passar om du skal ha bilder av ein gjenstand som ikkje er altfor stor, men har du plass kan du sjølvsagt lage lyskassa så stor som du vil.

Eg har rett og slett tatt ei pappeske, skåre vekk frontveggen og forsterka resten med pakketeip. Så har eg brukt offwhite kartong i A3-format som bakgrunn, eg har lagt arket langsmed bakveggen og underlaget med ein bue i overgangen, og festa godt med teip. På sideveggane har eg festa vanleg kvitt papir for å få mest mogleg lys reflektert inn mot produktet. Slik ser det ut:
Eg tar alltid med meg kassen ut i dagslys når eg skal ta bilder, skal du fotografere inne må du ha kunstig lys. Då er det vanskelig å få godt resultat utan dyrt spesialutstyr. Skjønt eg trur nok det skal la seg gjøre, men eg har ikkje kome så langt som til å begynne å eksperimentere med det. Kanskje i vinter når det er dårlig med dagslys?

Eg pleier å ta lys i lett overskya ver, så får du masse lys utan dei skarpe skyggane som sola gir. Er du velsigna med mykje sol kan du sjølvsagt finne ein stad i skyggen, men då får du ikkje like mykje lys inn på produktet. Her på Vestlandet er me ikkje overvettes plaga med fint ver, her handlar det meir om å springe ut og ta bilder mellom regnskurene...

Eg prøver å få kassen min litt opp i høgda for å få mest mulig lys, og best vinkel til sjølve fotograferinga. Her har eg plassert den oppå ei hylle utanfor huset, og sørga for at den opne veggen er vendt mot lyset.Bildet under er det som skal bli produktbildet, her er det heilt ubearbeida. Eksperimenter gjerne med å både gå tett på kassen, og å ha litt avstand og heller zoome inn. Då kan du få forskjellige dybdevirkningar.
Seinare når eg sit og redigerar bildene, er første steg beskjæring. Eg brukar nesten alltid kvadratiske bilder i eplabutikken min, for då unngår ein rare utsnitt på miniatyrbilder og i lister.
Neste steg er å lysne bildet. Eg er så heldig å ha photoshop, der brukar eg Image > Adjustments > Levels for å dra opp lysstyrka. Først drar eg opp dei kvite verdiane med pila heilt til høgre, så justerar eg midttonene opp eller ned for å gi bildet mest mulig korrekte fargar. Ingrid Riddervold har ei grundigare skildring av dette i bloggen sin. Om det blir litt svake skyggar på den kvite bakgrunnen så syns eg det er heilt ok, det kan gi litt meir liv til bildet.

Og så har eg bildet mitt! Då gjenstår det berre å krympe det til passe størrelse og legge det ut.

Ofte kan det vere fint å lage eit utsnitt eller eit nærbilde for å variere uttrykket litt, og fordi det kan bidra til å vekke interesse. Her har eg redigert bildet under som skildra ovanfor, men eg har gjort ei meir dramatisk beskjæring. Berre synd eg har klart å få snuten til dinosauren litt uskarp...

På denne måten får du produktbilder som har lys bakgrunn utan å vere for skrikande. Sjølv om eg syns det er veldig fint med bilder av gjenstander i eit miljø, syns eg det er vanskelig å få til i praksis. Med denne metoden føler eg at eg får framstilt tinga mine mest mulig riktig, og eg får eit einsarta uttrykk i butikken min. Når ein selger ting ein lagar på nettet trur eg bilda er det aller, aller viktigaste virkemiddelet. Som kjøpar hoppar i alle fall eg galant over grå og grumsete bilder, då føler eg meg ikkje sikker på kva det er eg eventuelt vil få. 

Eg veit at det fins ein del gratis programvare å fatt i på nettet som har noko av dei same funksjonane som dei eg nevnte over, men eg har ikkje noko erfaring desse. Eit kjapt googlesøk gir dette resultatet, så det bør vere mulig å få til eit bra resultat utan å investere i dyre programmar. Kanskje nokon kan anbefale eit eller anna?

Heile denne prosesen tar naturligvis mykje tid. Derfor har eg begynt med "masseproduksjon", riktignok i liten skala. Eg lagar alltid fleire like produkt slik at eg kan bruke bildene om igjen. Av ein gammel ullgenser kan eg kanskje få laga seks kaniner, og då syns eg det er greit å bruke litt tid på bildene så lenge dei kan brukast til alle sammen.