lørdag 25. juni 2011

Gode loppefunn - tekstilar

Eg gjekk jo så kjekt ut her for ei tid tilbake og sa eg skulle presentere gode loppefunn kvar lørdag framover. Tja. Det blei visst berre eit par gonger så langt. Men eg har tenkt å skjerpe meg! Eg tenkte høgt i dag og lurte på kva eg skulle skrive om, då sa mannen i huset at det var vel berre å gå ut og ta bilde av klessnora. Og det hadde han heilt rett i, for sånn såg nemlig den ut i dag:

Eg har hatt ein stor stabel tekstilar liggande i kjellaren etter årets loppemarknader, og det tar si tid å vaske seg gjennom dei. Men no nærmar eg meg botnen, og her er dagens vaskemaskinladning. Det var godt tørkever ute, og eg må jo seie at tørkestativet sjelden har vore så fotogent. Eg klarar ikkje gå forbi gamle broderte dukar og fragerike tørklær på sånne marknader, må berre ta dei med meg heim. Mange av dei eg har er gamle, slitte og flekkete, men eg har ein plan om kva eg skal bruke dei til. Meir om det etterkvart. Men no som eg vurderar å sette saksa i enkelte av dei, merkar eg at det melder seg eit behov for å tidfeste broderia. Eg vil jo nødig klippe opp noko som kan vere verdt å ta vare på! Så no leitar eg etter gode kjelder på sånt, nokon som har tips?
Sjå denne for eksempel. Nydelige fargar, brodert på lin,  men veldig slitt.Nokon har brydd seg nok om den til å bøte hola forsiktig, det seier vel litt om at duken har vore høgt verdsett.  
Denne er også lin, brodert med korssting og kanta med blonde. Eg syns fargen er så fin!
Eg fann også ein pose med eit halvferdig lappeprosjekt, og fleire ferdig klipte ruter og strimlar. Nydelige småblomstrete stoffer:
Og sjå korleis fargane på dette tørkleet og løparen står saman:
Og denne dama, kva er det ho driv med?
 Fargerik fugl på stramei:



 Eg har etterkvart ein heil del slike gamle tekstilar, og for meg er dette små skattar. Noko av det finaste eg eig. Så vil tida vise om eg vågar å gi dei nytt liv i ein annan form!

lørdag 18. juni 2011

Sy eit hobbyforkle/hageforkle!

Du treng tre rektangel, så breie og så høge som du vil ha det ferdige forkledet, pluss to cm saumrom i kvar retning. Mine bitar var 70 cm breie og 30 høge. Eit baksidestoff (eg brukte naturfarga bomull), eit framsidestoff og eit lommestoff. Brett lommestoffet dobbelt på langs og stryk.
Legg framsidestoffet nederst med rettsida opp. Legg lommestoffet oppå, med råkantane på linje med nedre kant av framsidestoffet. Nål det fast. No skal du sy lommene, og du må markere opp kvar du vil ha saumane. Eg valgte å ha ei ganske brei lomme på midten (16 cm), så eit par litt smalare på sida (8 cm), og nokre heilt smale til pennar osv (4 cm) utforbi der igjen. Men du kan legge det opp akkurat slik du vil sjølv.
 Så syr du loddrette saumar på rosestoffet etter markeringane slik at det dannar seg lommar der du vil ha dei. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen så det blir beine saumar!
 Legg baksidestoffet oppå der igjen og nål fast.
 Sy ein saum rundt heile greia, men la det vere ein opning øverst midt på, ca 10 cm burde halde.
 Klipp av hjørna.
 Vend forkleet gjennom vrengeopninga, bruk ein strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna, og stryk. Sy ein stikning langs heile kanten, som samtidig lukkar vrengeopninga øverst.
Finn eit passande band. Det kan vere eit ferdig band, eller du kan sy eit band av eit passande stoff. Dette skal bli knytebelte så du treng nok til at du kan knyte det rundt livet. Eg brukte vel to meter økologisk bomullsband, då hadde eg masse å gå på.
 Nål bandet fast ca ein cm nedanfor øvre forklekant. Bruk ein bit band til å feste ein D-ring om du ønsker det.
 Og ein bit smalare band til å lage ei hempe, her kan du f.eks. henge saksa.
  Sy ein stikning i kanten av bandet, både langs langsidene og kortsidene.
Du kan pynte forkledet om du vil, med blonder, knappar, rosettar, fleire band osv. Eg er veldig glad i gamle perlemorsknappar og ville ha ein på kvar side.

 Ferdig!

fredag 17. juni 2011

Kjapp og enkel lappeteknikk

Eg likar godt klassiske lappetepper, sånne med massevis av kvadrat veit du. Men det er litt av ein jobb å klippe til alle dei små firkantane, og endå meir jobb å sy dei saman igjen. Heldigvis går det an å ta snarvegar. Ein av desse er såkalt strip piecing, der ein tar utgangspunkt i stoffstrimlar som er sydd saman. Eg hadde ein del restar av desse to stoffa, og klipte 8 cm breie strimlar fordi det var det som passa til størrelsen på stoffbitane eg hadde. Men strimlane kan vere smalare eller breiare. Når du legg strimlane ved sidan av kvarandre bør lengda og bredda på dei tilsaman nokonlunde tilsvare det ferdige arbeidet. Skal du bruke to stoffer slik som eg har gjort her for ein slags sjakkbretteffekt, må du ha eit likt antall strimlar (altså partall - 4, 6, 8, 10, 12 osv).
 Sy saman strimlane i langsidene, rette mot rette.
 Tilslutt får du eit slikt stripete stykke, press saumane. Nokon føretrekk å presse saumrommet frå kvarandre, andre pressar det til ei side. Eg veit ikkje kva som er best, men det viktigaste er vel at ein held seg til det eine eller det andre.
 Skjær sidekanten rein ved hjelp av linjal (skjærematte, rullekniv og linjal er ein knallbra investering!).
Skjær stykket i strimlar på tvers av stripene. Dei nye strimlane skal vere like breie som dei opprinnelege, i mitt tilfelle 8 cm.
 Så sit du igjen med eit antall strimlar av firkantar!
 Snu annankvar strimmel rundt slik at du får eit sjakkrutemønster.
Sy strimlane saman i langsidene, og vips så har du eit stykke lappeteppe! Du kan sjølvsagt vere mykje meir nøyaktig enn eg har vore her og passe på at alle hjørna møtest ordentlig, eg hadde det litt travelt og slurva.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke dette vesle stykket til, men har høyrt snakk om at ei av dokkene i huset treng teppe. Så du skal sjå det blir dokketeppe av det!

Du kan også bruke fleire fargar/mønster, The Purl Bee har ein fin tutorial på det. Her er også ein fiffig teknikk.

torsdag 16. juni 2011

Sy eit vendbart hårband!

Vil du sy eit slikt kjapt & enkelt hårband? Last ned malen her. Skriv det ut på ei A4-ark, sjekk at måla stemmer. Dette hårbandet er berekna på barn, om du vil lage til voksen anbefaler eg å forlenge mønsteret litt. Du kan gjerne lage det litt breiare på midten også. I barnestørrelse er hårbandet (utan strikk) ca 40 cm langt. Til voksen bør det nok vere 50, legg altså på 5 cm til på malen. 

Bruk malen og klipp ut tre delar, ei framside, ei bakside og eit mellomlag.  Malen er berre halvparten av hårbandet, klipp ut av dobbelt stoff slik at brettekanten på stoffet kjem på brettekanten på malen. Saummonn er inkludert i malen, du treng altså ikkje legge til noko. Eg brukte to matchande stoffer til fram- og bakside, og eit vanleg kvitt bomullsstoff til mellomlag.
Legg mellomstoffet nederst. legg baksida oppå, med retta opp. Ta eit stykke strikk og legg oppå der igjen. Eg brukte noko gamal knapphullsstrikk. Du kan bruke kva som helst berre det ikkje er for smalt - då kan det bli ubehageleg å ha på. 1-2 cm bredt er fint. Ikkje tenkt på lengde enno, me klipper det av seinare. Hvis du berre har ei kort lengde strikk, kortare enn hårbandet, så fest ei sikkerheitsnål i enden allereie no.
Legg framsidestoffet øverst, med retta ned. Sett et par nåler slik at strikken held seg i midten.
Sy ein saum rundt heile greia om lag 1 cm frå kanten, men la eine kortsida vere open.
Klipp av hjørna slik at hårbandet blir fint når du vender det.
Ta tak i strikkhalen, og dra. No skal du vende heile hårbandet gjennom den opne kortsida.
Du må kanskje hjelpe litt til i starten med ein strikkepinne eller liknande.
Dra i vei til heile bandet er snudd med retta ut.
Bruk einn strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna i kortenden skikkelig. Stryk hårbandet.
Brett inn råkantane i den opne kortsida og press.
No skal du klippe av strikkhalen, det kan vere lurt å måle på barnet kor lang strikken skal vere. Ein god tommelfingerregel er å bruke hovudomkretsen på barnet, trekke frå dei 40 cm som er sjølve hårbandet, og ikkje legge til saumrom på strikket. Då blir det som regel passe stramt. Stikk den avklipte strikkenden inn i opninga og nål fast.
Sy ein stikning rundt heile hårbandet, slik at den opne kortsida blir lukka.
Snu og vend litt på hårbandet, og sjå kor fint det er i sollyset på syrommet.
Finn ein meir eller mindre motvillig fireåring og tre det på.