fredag 12. august 2011

Fuglar

For ei tid tilbake skreiv eg om at eg jobba med fugleformer, og her er er nokre av resultata. Det er ganske langt frå ulldyra mine dette, dei tåler nok slett ikkje å leikast med! Men det er gøy å arbeide med dei, ta utgangspunkt i ein bestemt fugl og prøve å komme så tett opptil den som mogleg i forma. Den minste tar utgangspunkt i heipiplerka, og vadefuglen skal vere ei myrsnipe. Dei er sydde av ymse gjenbruksstoffer, og beina er av ståltråd. Myrsnipa sine bein har blitt surra med brun blomsterteip, heipiplerka stakkars har berre fått surra litt kopartråd rundt anklane. Men så er ho jo berre ein prototype også. Eg får sjå om det blir fleire, det er jo ein heil del arbeid med desse.



søndag 7. august 2011

Dyremasker

I går fekk eg ein ubendeleg trang til å lage ei maske - ei revemaske. Det berre måtte gjerast. I dag har eg laga ei bjørnemaske og finpussa litt på detaljane. No klarar eg ikkje sjå eit dyr utan å tenke maske. Kva blir det neste, skal tru? Kanskje er dette noko for eplabutikken min, men dei er rimeleg arbeidskrevande desse maskene og då blir jo prisen deretter. Kanskje eg legger ut eit par stykker etterkvart berre for å lodde interessa. 


Eg har vore flittig i sommar og laga masse nye ulldyr, mange av dei kem til å havne i eplabutikken etterkvart, andre blir spart til julemarknader og slikt. Eg har ikkje tal på kor mange kaniner eg har no. Nokre av dykk har kanskje sett det på facebooksida allereie men her er eit bilde frå ein liten photoshoot i skogen: