mandag 19. november 2012

Mini-Malsen


Eg fekk ei artig spesialbestilling sist veke, det skulle vere ein kopi av sjølvaste Malsen i den fine garnbutikken Malsen og Mor. Matmora hans kom over Blåbærbutikken min litt sånn tilfeldig parallellt med at eg bestilte garn der (som eg fekk levert på døra til meg, glimrande service!) og ville gjerne ha ein mini-Malsen til sonen sin. Etter modell av reven som eg sydde til guten min i januar. Sidan den tid har eg jo hatt lyst til å lage fleire dokkedyr eller dyredokker eller kva ein skal kalle det, så eg kasta meg ut i oppdraget sjølv om det jo er litt skummelt å skulle få dette til å likne på nokon. 

Etter ein del prøving og feiling (som vanleg) er dette resultatet. Kroppen er basert på reven sin kropp, med nokre tilpasningar. Hovudet måtte eg jobbe ein del med, men eg syns det blei bra til slutt. Eg har kjempelyst til å lage denne type dokker til butikken også, med klede, men det er såpass tidkrevande at det nødvendigvis vil bli ganske dyrt. Så eg veit ikkje om det vil vere noko marked for det. 

Uansett, her er Mini-Malsen på tur i skogen før han bli overlevert. Eg håpar dei nye eigarane blir glade i han. Og om han faktisk lignar - kva synest du?

Han har fått seg ein liten dress av i mørkeblå lin med "pinstripes", og jakke og skjerf sydd av tova ullgensrar. Som dei fleste andre kattar er han nok litt finslig og vil ikkje bli våt eller skitten på dei fine kvite beina sine så eg måtte ha med meg eit lite sitte/ståunderlag ut.
Fotoshoot med ulldyr i skogen er noko av det kjekkaste eg veit. Flaks at eg har skogen rett utanfor hageporten då, ellers ville det ikkje blitt mykje bildetaking for tida.

 Ein kvar katt med respekt for seg sjølv må kunne klatre i tre!


 Ein liten pustepause i mosen etterpå.


 Han er så godslig denne katten at han knapt legg merke til den vesle musa i steinbedet!

Og nesten best av alt, etter ønske frå meg blir honoraret utlevert i garn - då kan eg riktig fråtse i alt det fine uten å føle at eg brukar penger på ting eg egentlig ikkje treng... Så no er det berre å planlegge strikketøy framover og plukke fine fargar og kvalitetar av hjertens lyst. Herlig!

9 kommentarer:

  1. For ein herleg katt! Kunne eg også gjerne ha hatt - for verkelege kattar er eg dessverre allergisk mot. Men ulldyr er gull!

    No fekk eg sjølvsagt lyst på ein sauevenn til Silkesauen ... Uansett synest eg du skulle lage biletbok/barnebok snart, med dei fantastiske figurane dine på oppdrag i skogen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å ja, det hadde vore moro! Tanken har slått meg før, og så har eg så lyst til å prøve å lage stop motion film ein gong. Enn så lenge er mine eigne ungar responsgruppe på ulike små bildeseriar, det er ein artig måte å fortelle historiar på.

      Takk for gode ord!

      Slett
  2. For en sjarmkatt! Superfin og personlig!

    SvarSlett
  3. Så skjønn katt, og morsomt prosjekt! Og Malsen og mor har jo så utrolig masse fint garn i nydelige farger - kos deg med fråtseriet!

    SvarSlett
    Svar
    1. Å ja, det kan eg love deg at eg skal!

      Slett
  4. Han er bare supernydelig og vi er kjempefornøyd!

    SvarSlett
  5. Kjempefin katt, skikkelig kul altså. Og mye fint ellers på bloggen din også, er innom for første, men hvertfall ikke siste gang!

    SvarSlett
  6. Fine Malsen, så artig å lage en kopi i ull. Og betaling i garn hørtes fantastisk ut! *drømme*

    SvarSlett