mandag 17. september 2012

Vesker

I sommar fekk eg plutselig over meg at eg måtte sy vesker. For det første trengte eg ei sjølv, for det andre hadde eg lyst til å sy noko som var ferdig etter syinga - vanligvis syr eg jo mykje ulldyr som må stappast og broderast og handsyast etter sjølve syinga. Og sånt kan ein bli litt lei av innimellom.

Så vesker blei det, av ymse gardinar og gjenbruksstoff samt tweedaktige ullstoff frå frakkar og jakker plukka opp på loppis. Eg klarar aldri å motstå eit fint tweedstoff, så det har ein tendens til å hope seg opp litt. Første vekse ut var prototypen og den brukar eg nesten daglig, eg er veldig fornøyd med forma og størrelsen til dei dagane du ikkje har så mykje med deg at du treng sekk. Den er på grensa til å vere vel blomstrete, men eg syns det grå ullstoffet balanserar det heile:

Mens eg hadde blod på tann sydde eg to til, ei av ein stripete stoffrest frå Fretex:

Den neste varein knallfin blomstrete duk frå 70-talet tippar eg:

Det var gøy å sette sette sammen stoffer, knappar og fargar, og eg har jammen lyst til å lage fleire. Kanskje eg skal utvide til vesker også i eplabutikken?

8 kommentarer:

  1. Superfine! Jeg også er veldig på disse ullstoffene om dagen :) Finfint! Og hvis du liker å sy dem, synes jeg helt klart du bør selge dem i eplabutikken din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, I love ull veit du! Har sett ullsminkepungene dine, knallfine med dei fargerike glidelåsane.

      Slett
  2. Skikkelige fine vesker, gjorde seg bra med tweeden. Jeg har også sydd vesker i sommer, synes det krever en del tankevirksomhet for å få for, lommer osv på rett plass, riktig vei.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, ja det er litt av et hodebry men veldig moro når det funkar til slutt.

      Slett
  3. Enig med Vibeke, liker du å sy de bør du så absolutt prøve deg med en veskekolleksjon i Eplabutikken :-) Likte veskemodellen din veldig godt, mønsteret kom veldig fint fram når du går for falder i stedet for rynking.

    Det var en flott kontrast med stoffene du har valgt mot ullstoffene. Syr også punger i ullstoffer for tiden, men er ikke så modig med å sette sammen ulike stoffer, så der får det holde med at fòret er en liten kontrast ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kanskje det rett og slett må bli ein liten kolleksjon? Takk for innspill!

      Slett
  4. Jeg syns vesker ser så veldig komplisert ut, så jeg hadde nok ikke våget meg på å sy sjøl, men de var veldig fine, så sikkert noen som vil kjøpe! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Vesker treng ikkje vere så komplisert, det går fint an å begynne med ein enkel modell og avansere etterkvart. Eg syns ikkje du skal vere redd for å prøve om du har lyst!

      Slett