tirsdag 15. mars 2011

Høner og egg

Me er så heldige at me bur i byen men likevel ikkje. Det tar ti minutt med buss til sentrum, 40 minutt å gå, men hagen vår ligg på grensa til byfjella og me har villmarka og skogen tett på. Hjorten er fast gjest hos oss på godt og vondt, kattuglene sit på tørkestativet og tutar om sommarnatta og reven luskar seg stille forbi i lia bortanfor oss. Slik er det fint å bu! 

Og ein av dei absolutte fordelane er at me kan ha ein liten hønseflokk i hagen. Akkurat no har me åtte høner i ulike fargar og fasongar, og dei forsyner oss med nydelige egg til frokostbordet. Eg har lenge tenkt eg skulle lage høner til Blåbærbutikken, og no var endeleg tida moden. Eit par prototypar blei utvikla og har blitt leika hardt med av husets produkttestarar, og det ser ut til at hønene tåler ein støyt. Eg har brukt ulike ullstoff av tweedtype som eg har hatt liggande, eg elskar tweed sjølv og har spart på desse stoffa til eit passande prosjekt. Så no introduserar eg hønsekolleksjonen min - inspirert av hønene som bur i hagen!

Og eg har også gjentatt fjorårets hit med påskeegg sydd av fine, gamle stoffer. For det meste vintage gardinar, dukar og andre gjenbruksstoffer men også eit par innslag av økobomull frå nettbutikken. Eg er godt fornøyd, men dei slår ikkje dei usannsynleg lekre nyansane på egga som kjem frå hønsehuset!

PS: Har du sett at eg har oppretta facebookside for Blåbærbutikken?

2 kommentarer:

  1. Herlige høner og nydelige egg:o)
    Det høres ut som dere har det som plommen i egget:o)
    Vi bor midt i byen,
    men ønsker oss til et sted som deres.
    Tusen takk for linken til Ric Rac.
    Det var en flott og inspirerende blogg.
    Hadde ikke hørt om henne før.

    Ha en fin dag:o)

    SvarSlett
  2. Takk! Me budde midt i byen på Møhlenpris fram til for tre år sidan, fint det også. Men det er noko heilt anna med naturen så tett på, og god boltreplass ute i hagen for smårollingane!

    SvarSlett