Etter fleire år utan, var det på tide å blåse liv i handarbeidsaktiviteten igjen. Eg syr helst, men strikkar og hekler også. Mange kan seie mykje om dagens forbrukskultur, eg nøyer meg med å seie at eg ikkje likar det. Difor er det eit mål for meg å bruke resirkulerte materialar i størst mulig grad. Eg går på brukthandlar og loppemarknader og finn dei mest utrulege ting. Det gjeld å ha eit vakent blikk for potensialet til ein gamal sliten lammeullsgenser eller ei utvaska gardin. Med litt fantasi, ei stødig symaskin og inspirasjon frå fjern og nær kan desse tinga få nytt liv.
Eg har også ein liten nettbutikk, Blåbær, der eg legg ut mjuke leiker og anna for sal med ujamne mellomrom. Kikk gjerne innom!