Jenta mi fylte seks år på søndag, og det betyr at ho skal begynne på skulen til hausten. I likheit med sikkert alle andre seksåringar i landet gler ho seg og gruar seg på same tid. Men eg er litt redd for at ho gruar seg meir enn ho gler seg. Jenta er ganske sjenert eller kanskje snarare reservert, ho likar ikkje å forholde seg til folk ho ikkje kjenner og ho hatar oppmerksomheit. Ho likar seg best i trygge, vante omgivnader og ho vil helst ha familien rundt seg. Men ho er svært sjølvstendig, ho har klare og bestemte meiningar og ho er både smart og vakker. Så eg trur nok det vil gå henne godt i livet, men akkurat no har ho ei litt røff tid stakkar, der ho gråter i skjul fordi ho ikkje maktar tanken på å vere åleine, heilt åleine, blant eit hav av andre førsteklassingar ho ikkje kjenner. Kven kan klandre henne for det?
Første bøyg kjem no på torsdag, då er det førskuledag. Eg og ho og minsten skal ned på skulen og møte læraren og dei andre som skal gå i klassen. På eit tidspunkt i løpet av dei to timane me skal vere der skal foreldra gå frå ungane og vere på eit foreldremøte i eit anna rom. Dette gjer den stakkars jenta mi livredd. Og det gjer meg vondt å sjå at ho har det så vondt. Kva skal ei stakkars mamma gjøre då? Eg veit ikkje.
Men eg prøver på mitt vis å få henne til å føle seg trygg, og ein ting eg tenkte kunne vere verdt eit forsøk er å lage ein slags amulett til henne, noko ho kan ha med seg som eit teikn på at ho har oss med seg i ånden i alle fall. Så eg fann fram stoff og tråd og prøvde meg på litt brodering - ikkje mi sterkaste side men det er jo gøy å prøve seg.
Eg er ikkje egentlig sånn som likar å dekorere med hjerter overalt, men i dette tilfellet passar det jo bra, dessutan er det jo sånt småjentene likar. Så hjerte blei det, av ein mjuk ullstoffrest, pynta med broderi, perlemorsknapp og glassperler. På baksida broderte eg forbokstavane til pappaen, meg og dottera. Hjertet er fylt med litt ull, og tredd med eit smakt silkeband så ho kan velje om ho vil ha det i lomma eller rundt halsen under genseren. Eg kryssar fingrane for at dette hjertet gir henne den tryggheita ho treng, og at førskuledagen ikkje byr på altfor store traumer!