tirsdag 21. mai 2013

Med hjertet i halsen

Jenta mi fylte seks år på søndag, og det betyr at ho skal begynne på skulen til hausten. I likheit med sikkert alle andre seksåringar i landet gler ho seg og gruar seg på same tid. Men eg er litt redd for at ho gruar seg meir enn ho gler seg. Jenta er ganske sjenert eller kanskje snarare reservert, ho likar ikkje å forholde seg til folk ho ikkje kjenner og ho hatar oppmerksomheit. Ho likar seg best i trygge, vante omgivnader og ho vil helst ha familien rundt seg. Men ho er svært sjølvstendig, ho har klare og bestemte meiningar og ho er både smart og vakker. Så eg trur nok det vil gå henne godt i livet, men akkurat no har ho ei litt røff tid stakkar, der ho gråter i skjul fordi ho ikkje maktar tanken på å vere åleine, heilt åleine, blant eit hav av andre førsteklassingar ho ikkje kjenner. Kven kan klandre henne for det?

Første bøyg kjem no på torsdag, då er det førskuledag. Eg og ho og minsten skal ned på skulen og møte læraren og dei andre som skal gå i klassen.  På eit tidspunkt i løpet av dei to timane me skal vere der skal foreldra gå frå ungane og vere på eit foreldremøte i eit anna rom. Dette gjer den stakkars jenta mi livredd. Og det gjer meg vondt å sjå at ho har det så vondt. Kva skal ei stakkars mamma gjøre då? Eg veit ikkje.

Men eg prøver på mitt vis å få henne til å føle seg trygg, og ein ting eg tenkte kunne vere verdt eit forsøk er å lage ein slags amulett til henne, noko ho kan ha med seg som eit teikn på at ho har oss med seg i ånden i alle fall. Så eg fann fram stoff og tråd og prøvde meg på litt brodering - ikkje mi sterkaste side men det er jo gøy å prøve seg. 
Eg er ikkje egentlig sånn som likar å dekorere med hjerter overalt, men i dette tilfellet passar det jo bra, dessutan er det jo sånt småjentene likar. Så hjerte blei det, av ein mjuk ullstoffrest, pynta med broderi, perlemorsknapp og glassperler. På baksida broderte eg forbokstavane til pappaen, meg og dottera. Hjertet er fylt med litt ull, og tredd med eit smakt silkeband så ho kan velje om ho vil ha det i lomma eller rundt halsen under genseren. Eg kryssar fingrane for at dette hjertet gir henne den tryggheita ho treng, og at førskuledagen ikkje byr på altfor store traumer!




8 kommentarer:

  1. For en utrolig koselig og omtenksom ting å gjøre! Flott hjerte! Og kan jeg si som en lærer som har tatt i mot førsteklasse før - at det pleier å gå riktig så bra med alle og enhver når mammaene og pappene går. Da er det fullt fokus på å trygge de søte små. Og de finner seg overaskende fort til rette, selv de som var ekstra engstelige i begynnelsen. Blir nok godt når morgendagen er over, og alt ikke er så ukjent lengre. Skal nok se det går fint dette :) Lykke til!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eller torsdag som jeg leste på nytt at det var ;)

      Slett
    2. Takk, Vibeke! Eg trur nok også at det kjem til å gå bra når me først er i gong, men denne angsten i forkant er jammen vanskelig å takle syns eg. Godt med innspel frå "andre sida"!

      Slett
  2. Ååå, stakkar lita. Eg har tårer i auga her eg sit og les om kor mykje ho gruar seg til første førskuledag. Og eg forstår godt at det er vanskeleg for deg å sjå på. Men eg er heilt sikker på at det kjem til å gå kjempegodt likevel. Både lærarar og medelevar vil nok gjere ein god jobb for å få henne til å kjenne seg velkomen og trygg. Eg håper i alle fall det på det sterkaste.
    Og så har ho jo slik ein vakker amulett til å trøyste seg med - full av kjærleik og omsorg frå ei utruleg god og kjærleg mamma.
    Eg ønskjer dykk lukke til alle saman, og særleg til storejenta - som sikkert er eit stort, fornøgd smil etter morgondagen :)
    Varm klem, Kristin

    SvarSlett
  3. Lykke til i morgon! Eg hadde med meg dei to små til å plukke ut nokre fine blyanter som ho kan ha i penalet sitt, når ho eingang får den veldig forsinka bursdagspresangen sin..

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Er det penal? Har nemlig lova henne at me skal stikke til byen i morgon etterpå og kjøpe nettopp det...

      Slett
  4. Jeg var kjempesjenert som barn, og var nok sjenert da jeg begynte å barnehagen som 5-åring (nesten alle som gikk i samme barnehage som meg var de jeg begynte på skolen med), men det som er fint med barn, er at de blir så fort kjent med hverandre! De har så få hemninger og sosiale normer som stoppper dem i å bare gå bort til noen og spør om de vil være med å leke :)

    Men jo, jeg skjønner absolutt at hun gruer seg... Hell, jeg gruet meg for når jeg skulle begynne på universitet nå i høst, selv om jeg visste jeg jo kom til å bli kjent med folk (og jeg hadde selvsagt rett) :)

    SvarSlett
  5. Takk Hekkan og Helene, kan fortelle at det gjekk over all forventning og no gleder alle seg til skulestart til hausten!

    SvarSlett