På eplaforumet er det ofte spørsmål om korleis ein kan ta gode produktbilder. Eg dreiv og tok litt bilder i går, og tenkte eg kunne vise min metode som baserar seg på ein høgst heimesnekra "lyskasse". Og når eg seier heimesnekra så snakkar eg pappeske og teip, heilt basic med andre ord, men det funkar for meg. Poenget med ein slik kasse er både å få fanga lyset og sendt det inn mot gjenstanden, og å gi ein nøytal, fin bakgrunn. Denne metoden passar om du skal ha bilder av ein gjenstand som ikkje er altfor stor, men har du plass kan du sjølvsagt lage lyskassa så stor som du vil.
Eg har rett og slett tatt ei pappeske, skåre vekk frontveggen og forsterka resten med pakketeip. Så har eg brukt offwhite kartong i A3-format som bakgrunn, eg har lagt arket langsmed bakveggen og underlaget med ein bue i overgangen, og festa godt med teip. På sideveggane har eg festa vanleg kvitt papir for å få mest mogleg lys reflektert inn mot produktet. Slik ser det ut:
Eg tar alltid med meg kassen ut i dagslys når eg skal ta bilder, skal du fotografere inne må du ha kunstig lys. Då er det vanskelig å få godt resultat utan dyrt spesialutstyr. Skjønt eg trur nok det skal la seg gjøre, men eg har ikkje kome så langt som til å begynne å eksperimentere med det. Kanskje i vinter når det er dårlig med dagslys?
Eg pleier å ta lys i lett overskya ver, så får du masse lys utan dei skarpe skyggane som sola gir. Er du velsigna med mykje sol kan du sjølvsagt finne ein stad i skyggen, men då får du ikkje like mykje lys inn på produktet. Her på Vestlandet er me ikkje overvettes plaga med fint ver, her handlar det meir om å springe ut og ta bilder mellom regnskurene...
Eg prøver å få kassen min litt opp i høgda for å få mest mulig lys, og best vinkel til sjølve fotograferinga. Her har eg plassert den oppå ei hylle utanfor huset, og sørga for at den opne veggen er vendt mot lyset.Bildet under er det som skal bli produktbildet, her er det heilt ubearbeida. Eksperimenter gjerne med å både gå tett på kassen, og å ha litt avstand og heller zoome inn. Då kan du få forskjellige dybdevirkningar.
Seinare når eg sit og redigerar bildene, er første steg beskjæring. Eg brukar nesten alltid kvadratiske bilder i eplabutikken min, for då unngår ein rare utsnitt på miniatyrbilder og i lister.
Neste steg er å lysne bildet. Eg er så heldig å ha photoshop, der brukar eg Image > Adjustments > Levels for å dra opp lysstyrka. Først drar eg opp dei kvite verdiane med pila heilt til høgre, så justerar eg midttonene opp eller ned for å gi bildet mest mulig korrekte fargar. Ingrid Riddervold har ei grundigare skildring av dette i bloggen sin. Om det blir litt svake skyggar på den kvite bakgrunnen så syns eg det er heilt ok, det kan gi litt meir liv til bildet.
Og så har eg bildet mitt! Då gjenstår det berre å krympe det til passe størrelse og legge det ut.
Ofte kan det vere fint å lage eit utsnitt eller eit nærbilde for å
variere uttrykket litt, og fordi det kan bidra til å vekke interesse.
Her har eg redigert bildet under som skildra ovanfor, men eg har gjort
ei meir dramatisk beskjæring. Berre synd eg har klart å få snuten til dinosauren litt uskarp...
På denne måten får du produktbilder som har lys bakgrunn utan å vere for skrikande. Sjølv om eg syns det er veldig fint med bilder av gjenstander i eit miljø, syns eg det er vanskelig å få til i praksis. Med denne metoden føler eg at eg får framstilt tinga mine mest mulig riktig, og eg får eit einsarta uttrykk i butikken min. Når ein selger ting ein lagar på nettet trur eg bilda er det aller, aller viktigaste virkemiddelet. Som kjøpar hoppar i alle fall eg galant over grå og grumsete bilder, då føler eg meg ikkje sikker på kva det er eg eventuelt vil få.
Eg veit at det fins ein del gratis programvare å fatt i på nettet som har noko av dei same funksjonane som dei eg nevnte over, men eg har ikkje noko erfaring desse. Eit kjapt googlesøk gir dette resultatet, så det bør vere mulig å få til eit bra resultat utan å investere i dyre programmar. Kanskje nokon kan anbefale eit eller anna?
Heile denne prosesen tar naturligvis mykje tid. Derfor har eg begynt med "masseproduksjon", riktignok i liten skala. Eg lagar alltid fleire like produkt slik at eg kan bruke bildene om igjen. Av ein gammel ullgenser kan eg kanskje få laga seks kaniner, og då syns eg det er greit å bruke litt tid på bildene så lenge dei kan brukast til alle sammen.
Heile denne prosesen tar naturligvis mykje tid. Derfor har eg begynt med "masseproduksjon", riktignok i liten skala. Eg lagar alltid fleire like produkt slik at eg kan bruke bildene om igjen. Av ein gammel ullgenser kan eg kanskje få laga seks kaniner, og då syns eg det er greit å bruke litt tid på bildene så lenge dei kan brukast til alle sammen.
Fin lyskasse :-D
SvarSlettJeg bruker to hvite A3-ark teipet sammen til bunn&vegg, og tar bildene ved vinduet i overskyet vær. Stiller inn hvitbalansen først. Nå nylig lagde jeg meg en reflektor av en plate + aluminiumsfolie, og den er helt super! Vekk med harde skygger og hei naturlig mykt lys!
Reflektor må eg prøve!
SlettSupert tips! Selv for oss som ikke selger ting, så er strikkebloggere alltid ute etter greie måter å få tatt gode bilder på. Bruker jeg lang tid på å lage noe, så liker jeg at det synes på bildene og.
SvarSlettEnig at der kjekt å vise ting frå si beste side. Dine bilder er jo heilt nydelige!
SlettLurt å gjere det på denne måten! Har tenkt tanken, men ikkje kome så langt... no som Epla-butikken min er halvdød, har det liksom ikkje vore så viktig, heller.
SvarSlettJaja, kanskje den vaknar til live på eit eller anna tidspunkt?
Slett