torsdag 25. oktober 2012

Eplas Jul 2

I går kom denne i posten til meg, og den er minst like flott som fjorårets! Mange fine prosjekt, i år skal eg jammen gjøre alvor av planane om å bake julebrød etter å ha sett Siw sin oppskrift. Også trur eg at eg skal strikke Ugleloftet sine pulsvarmarar i gåve til dei snille barnehagetantene til ungane (men må kanskje finne på noko anna til dei like snille barnehageonklane...) 

Eg er så heldig å få vere med i år også, denne gongen med snøkrystallar av papir, slike som eg laga i fjor til jul. Dei er enkle å lage hvis ein berre har ei skarp saks og ein liten dose tålmodigheit, ville vore kjekt å sjå andre sine versjonar så legg gjerne igjen ei lenke om du tar saksa fatt!

Boka kan du få kjøpt i kioskar og daglegvarebutikkar, eller her på Epla. Du kan også vinne den i Eplabloggen. I alle tilfelle så syns eg boka er vel verdt å anbefale. Og når eg kikkar ut vinduet så er det beint fram julestemning også, for i dag kom snøen. Det syns eg egentlig ikkje noko om, men eg har det jo tross alt fint her i sofakroken med min gode venn Monsemann:






6 kommentarer:

  1. Så fin bok...som gjekk meg hus forbi i fjor...den skal kjøpast :-) Masse fint i bloggen din også,så den skal eg følge :-)
    God helg!
    Silje

    SvarSlett
  2. Herleg B-)
    Takk for tipset!

    God søndag @-}--

    SvarSlett
  3. Å, takk for at du minte meg på dei fine snøkrystallane dine!

    Det var du som gav meg aha-opplevinga i fjor (på bloggen din), med korleis lage 6 spissar istadenfor 8! Kvifor hadde eg ikkje tenkt på det før...? Eg klipte ein heil haug i ulike blå-nyansar som eg spreidde utover ein kvit vegg i heimen. Enkelt og vakkert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Høyrest veldig fint ut. No er jo snart tida inne til å finne fram saksa igjen, eg trur det må bli ein heil vegg her hos oss også i år!

      Slett