mandag 21. januar 2013

Ventetid

Eg ventar og ventar, fem veker igjen til termin no. Sidan eg er fint lite mobil og stort sett held meg i sofaen, så blir det jo ein heil del strikking, her er er litt av den seinaste produksjonen.

Eit par sokkar til meg sjølv, strikka i Sisu på pinne nr. 3. Likar godt den mørke blågrøne fargen! Eg trur det blir lenge til neste gong eg strikkar sokkar i voksen størrelse med så tynt garn, det blei ganske kjedelig i løpet av sokk nr. 2... Dei er strikka frå tåa og opp etter denne forklaringa, slik at eg kunne bruke nøyaktig eit nøste på kvar sokk - ville ha dei litt lange. Eg la til eit enkelt fake-flettemønster fordi eg hadde lyst til å prøve. Det gjør sokken veldig elastisk og den held seg godt på foten. Det einaste eg ikkje er heilt nøgd med er at det blir ein litt rar spiss på tåa, hvis eg skal bruke denne oppskrifta igjen skal eg nok gøre litt endringar i aukinga der. Uansett er dette gode sokkar å ha på seg desse kalde vinterdagane, og dei varmar godt oppetter leggane også.




Så var det sonen i huset sin tur til å få noko, han trengte sårt noko varmt om halsen no når det er så kaldt. Så eg strikka ein hals i full fart av eit nøste og litt restar Drops Nepal eg hadde liggande, totalt 60 gram. Eg begynte øverst og strikka meg nedover utan mønster, og la til ein liten flettevri på kvar side i vrangborden, for så å auke ut til skuldrane på same plass. Eg syns det blei ganske fint faktisk! For å få guten til å gå med den kalte eg det ein ridderhals. Alt som har med riddarar og sverd er nemlig gøy, takka vere NRK sin kalenderserie"Julekongen" - ein hit hos både store og små her i huset. Og jammen syns eg ikkje den er litt ridderaktig også, med den fine støvblå/grå/turkise fargen. Kanskje eg skal prøve å pønske ut ridderlue og -vottar som passar til?

Kjolen som eg held på med til storesøstra nærmar seg også slutten, eg gler meg til å sjå korleis den blir. I mellomtida får eg prøve å bestemme meg for om det skal bli babystrikk eller noko til meg sjølv som skal bli det neste på pinnene.



2 kommentarer:

  1. Så mykje fint du har strikka! :) Eg likte særleg godt at du kalte halsen for riddarhals - vi mødre må ofte trå til med slike namngjevingar :) Her i huset et vi til dømes aldri laks lenger, men rosa prinsessefisk. Då går den ned på høgkant :)
    Gler meg til å sjå kva meir fint du tryllar fram med pinnane.
    Lukke til vidare i ventetida :)
    Klem, KristiN

    SvarSlett
    Svar
    1. Rosa fisk er pop, ja! Takk for lukkeønskingar, eg trur eg treng det for å halde ut...

      Slett