Vil du sy eit slikt kjapt & enkelt hårband? Last ned malen her. Skriv det ut på ei A4-ark, sjekk at måla stemmer. Dette hårbandet er berekna på barn, om du vil lage til voksen anbefaler eg å forlenge mønsteret litt. Du kan gjerne lage det litt breiare på midten også. I barnestørrelse er hårbandet (utan strikk) ca 40 cm langt. Til voksen bør det nok vere 50, legg altså på 5 cm til på malen.
Bruk malen og klipp ut tre delar, ei framside, ei bakside og eit mellomlag. Malen er berre halvparten av hårbandet, klipp ut av dobbelt stoff slik at brettekanten på stoffet kjem på brettekanten på malen. Saummonn er inkludert i malen, du treng altså ikkje legge til noko. Eg brukte to matchande stoffer til fram- og bakside, og eit vanleg kvitt bomullsstoff til mellomlag.
Legg mellomstoffet nederst. legg baksida oppå, med retta opp. Ta eit stykke strikk og legg oppå der igjen. Eg brukte noko gamal knapphullsstrikk. Du kan bruke kva som helst berre det ikkje er for smalt - då kan det bli ubehageleg å ha på. 1-2 cm bredt er fint. Ikkje tenkt på lengde enno, me klipper det av seinare. Hvis du berre har ei kort lengde strikk, kortare enn hårbandet, så fest ei sikkerheitsnål i enden allereie no.Legg framsidestoffet øverst, med retta ned. Sett et par nåler slik at strikken held seg i midten.
Sy ein saum rundt heile greia om lag 1 cm frå kanten, men la eine kortsida vere open.
Klipp av hjørna slik at hårbandet blir fint når du vender det.
Ta tak i strikkhalen, og dra. No skal du vende heile hårbandet gjennom den opne kortsida.
Du må kanskje hjelpe litt til i starten med ein strikkepinne eller liknande.
Dra i vei til heile bandet er snudd med retta ut.
Bruk einn strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna i kortenden skikkelig. Stryk hårbandet.
Brett inn råkantane i den opne kortsida og press.
No skal du klippe av strikkhalen, det kan vere lurt å måle på barnet kor lang strikken skal vere. Ein god tommelfingerregel er å bruke hovudomkretsen på barnet, trekke frå dei 40 cm som er sjølve hårbandet, og ikkje legge til saumrom på strikket. Då blir det som regel passe stramt. Stikk den avklipte strikkenden inn i opninga og nål fast.
Sy ein stikning rundt heile hårbandet, slik at den opne kortsida blir lukka. Snu og vend litt på hårbandet, og sjå kor fint det er i sollyset på syrommet.
Finn ein meir eller mindre motvillig fireåring og tre det på.
Så fint det ble! Takk for oppskrift, må prøve meg på ett til meg selv :)
SvarSlettSå lekkert og fint det var!
SvarSlettTusen takk for at du deler, jeg ELSKER tutorials!!!
Et slikt skal jeg sy meg, har nemlig lagt det jeg bruker til kveldsstellet på et "lurt sted"!
Beste hilsen og god helg fra Solveig