onsdag 18. mai 2011

Har du helst på vesle Hr. Mus?

Eg må vise fram det siste ulldyret mitt, eg har leika med tanken om å lage mus ei stund og plutselig her ein dag så løsna det. Dette er prototypen, og eg er godt nøgd med han. Omlag 10 cm høg, fylt med ull og eit par teskejier ris i rumpa slik at han skal sitte stabilt og godt. Kjekt å lage noko som er litt mindre komplisert enn dei vanlege dyra!
Han skal bli gåve til ei jente her i huset som fyller fire år i morgon. No i kveld har eg sydd ein liten sovepose til han med hank på, slik at ho kan bere han rundt halsen som eit smykke. Dermed blir det ein fin liten leike å ha med seg når ein er på reisefot, enten i bilen eller andre stader. Eg håpar ho likar han!

5 kommentarer:

  1. Så utrolig søt i naturlige omgivelser, hehe. Den så veldig sympatisk ut :)

    SvarSlett
  2. Åh, med sovepose til å bære rundt halsen!
    Kjempeidé!

    SvarSlett
  3. For ein herleg musemann! Skulle gjerne ha sett sovepose-smykket også!

    SvarSlett
  4. Takk! Eg skal nok legge ut bilde av han i soveposen sin, men det får bli ein annan gong. Men eg kan rapportere om at han slo an hos si nye venninne og fekk vere med i barnehagen i dag og alt. Og han har for øvrig skifta kjønn og har blitt omgjort til ei lita musejente, såpass må vel ein rosafrelst fireåring få lov til å kreve. På bursdagen sin og alt.

    SvarSlett
  5. Så søt en kar! Rasmus (navnet bare poppet opp i hodet på meg) må jo gjøre stor lykke hos den vesle -og heldige- bursdagsjenta!

    SvarSlett