... er unnagjort for min del. Vanvittig mykje folk! Eg var der ein time etter åpning og det var ikkje lett å komme seg fram der inne. Men slik er det jo på loppis no for tida. Når eg er på loppemarknader pleier eg først og framst å sjå etter fine stoffer og gamle ullplagg. I dag var det ikkje mykje stoffer å finne, eit par dukar fekk eg med meg. Men i klesavdelinga hadde eg meir hell, ein bunke ullgensrar til 20 kr stykket skal få seg ein kokvask og bli fine, nye ulldyr etterkvart. Og så fann eg ei gammal kåpe med 20% kasjmirull og resten vanleg ull i ein fin varm kremfarge. Nydelig, mjukt stoff i den, og det skal eg bruke til noko eg har hatt lyst til å prøve meg på lenge - tøydokker! Eg kom også over eit stort garnnøste i ein fin kastanjeraud farge, det kan bli dokkehår. Ser det ikkje ut som ein bra kombinasjon?
Hønene eg har i Blåbærbutikken har vore ganske populære, og eg syns det er moro å lage dei. Desse lagar eg ikkje av tova ullgensrar men av tweedliknande stoffer, og så prøver eg å finne hønseraser som passar til stoffa. Her i hagen har me fleire høns av ulike raser og blandingar, men stashønene er utvilsomt to sølvranda wyandotter. I forrige veke klarte mannen i huset å skaffe ein hane til dei, så no blir det forhåpentligvis reinrasa kyllingar i løpet av våren! Eg har vore på utkikk etter eit ullstoff som kunne passe til desse wyandottene, og i dag kom eg over eit gamalt ullskjørt i hanefotmønster. Eg trur det kan vere tingen!
No klør eg i fingrane etter å sette i gang med både det eine og det andre, men eg har vel ein del prosjekt eg må bli ferdig med først, som vanleg. Og no skal snart lysa slokkast i anledning Earth Hour, me skal ta oss eit glas vin og nyte ein fredeleg lørdagskveld. God kveld vidare til alle som er innom!
Jeg tipper det var samme loppemarkedet jeg var innom også, og klokken halv to var det i alle fall ikke noen skatter igjen.. Jeg kjøpte en stol som skal males og trekkes om og få plass på jenterommet, så det var verd turen..
SvarSlettEg var på Lyshovden. Funderte på å ta turen igjen i dag til posesalget halv tre, men sipregn ute og gåsesteik i ovnen veide tungt i mot. Bra du ikkje hadde bomtur, då!
SvarSlettSå flotte høns!
SvarSlettBåde i hagen og i blåbærbutikken!
Takk, Line!
SvarSlettHanefotmønster? Det var morsomt navn.- Har ikke hørt det før. Har bare hørt pepitaruter. Litt morsomt stoff egentlig, for mønsteret blir til ved at man har en kypertbinding og trer trådene i de ulike fargene i et bestemt mønster. (+gjør innslagene også i på samme måte.) Fargeeffekt eller hva det nå heter.
SvarSlettHøna og hanen var fantastisk vakre. -Men så er jo jeg helt sjuk etter å få høner også.
Unni: I følge min materialkunnskapbok er dette hanefotmønster, pepitaruter manglar desse "taggane" i rutene, det er reine ruter i vekselvist lyst og mørkt. Eg syns det passa med "hanefotmønster" i denne samanhengen!
SvarSlettDei er virkelig fine, desse wyandottehønene. Får håpe drømmen blir verkeleg ein eller gong, då!