mandag 23. mars 2009

Reveraudt

Dette ullstoffet fann eg på... Fretex, min favorittbutikk! Det er omlag ein meter, 140 cm bredt. Eg likar egentlig best baksida som er einsfarga rustraud, rutemønsteret på framsida kan eg styre meg for. Eg hadde tenkt å sy eit skjørt av det, før eg innsåg at det er perfekt til raudrevar (mønster frå same bok som terrieren). Eg har vel egentlig allereie sydd ein rev, men den er eg ikkje fornøgd med så eg må nok prøve meg på nytt.


3 kommentarer:

  1. Veldig enig i det du skriv om deg og bloggen din. Her tenker eg alltid over kva evt ein gammal gensar e.l. kan brukast til før den går i bosset. Så det ligg alltid masse prosjekt på vent : )

    SvarSlett
  2. Ja, kjenner til det, Randi! Eg har det med å hamstre fine stoff eg finn. Får nok bruk for dei ein gong men uvisst kva tid!

    SvarSlett
  3. Her var det masse inspirasjon! Har ikke tenkt at en kan handle stoff på Fretex, smart :) Popper nok innom her igjen for å sjekke prosjektene dine :)

    SvarSlett