søndag 20. november 2011

Gåvetips til dei minste: skilpadde

Eg har lenge tenkt på å lage eit mønster til ei skilpadde, men så kom eg over dette mønsteret ein dag! Enkelt og lettforståeleg, og skilpadda er kjempesøt. Du treng ikkje meir enn nokre stoffrestar og litt fyllmateriale så har du ei fin-fin gåve til smårollingar. Ein kunne til og med hatt ei bjelle eller noko som skranglar inni, så kunne den blitt som ei rangle (tips: ha eit par riskorn i ein sånn gul boks som du får i kinderegget - perfekt skranglemateriale) . Eller du kan bruke den sjølv som nålepute!

lørdag 19. november 2011

Eg elskar symaskina mi!

 Eg lærte å sy på mor mi sin gamle symaskin, ein sånn Husqvarna vet du som eg trur alle mødre hadde på den tida. Seinare då eg var voksen hadde eg ein identisk Husqvarna til låns på ubestemt tid frå ei venninne som hadde fleire symaskiner enn ho kunne bruke. 

For tre-fire år sidan begynte eg plutselig å sy mykje meir enn eg hadde gjort før. Det hadde nok samanheng med at eg fekk barn, er det ikkje slik med fleire av dykk? Og for to år sidan, omtrent på den tida Epla blei starta og eg åpna Blåbærbutikken, kjøpte eg meg ein flunkande ny Janome DC4100. Og det var kjærleik frå første stund. Ikkje visste eg at eg kunne sy så beint, eller at det skulle vere så praktisk å kunne regulere hastigheita, eller at nål-opp-ned-knappen skulle gjøre ulldyrsying så mykje enklare! Og eg visste heller ikkje at det kunne gå an å sy utan å rive seg i håret av frustrasjon når maskina ikkje ville samarbeide. For Janomen samarbeida, nesten uansett kva eg fann på.

Men så, her for eit par veker sidan, sydde eg over ei knappenål som brakk og tuppen forsvant ned i symaskina. Då sa maskina stopp med store bokstavar, utropsteikn og blinkande lys (det er ikkje tull eingong, elektroniske symaskiner kan dette med å seie frå). Vanlegvis klarar eg å overtale den til å komme i gang igjen, men no var det ikkje snakk om. Det var ikkje anna råd enn å levere den inn til service. Eg var midt i julemussyinga og hadde hjertet i halsen for eg skulle jo vere med på ikkje mindre enn tre marknader i november. Heldigvis hadde svigermor ei flunkande ny symaskin til låns, som ikkje ein gong hadde blitt pakka opp sjølv om ho kjøpte den i februar. Ho var nemlig også vant til å bruke ein sånn gammal Husqvarna frå 70-talet, og ei moderne symaskin som kan programmerast med tastetrykk skapte nok rett og slett litt prestasjonsangst.

Så eg fekk svigermor sy symaskin i hus, men eg må berre seie at det var ikkje det same som gode, gamle Janome. Denne var riktignok minst like fancy og sikkert dyrare også, men det er jo noko med det du er vant til. Eg syns syinga vart hakkete og uregelmessig, eg klarte ikkje å få til jevn hastigheit og syns maskina durte og laga ulydar eg ikkje klarte å tolke. Det blei jo ein del julemus av det, men også litt riving i håret...

Men i går hadde mannen i huset vore og henta maskina mi, og kva kan eg seie anna enn at det var ein fryd og ei glede å pakke den ut og skru den på. Den vesle lyden som kjem når du skrur på knappen, det varme lyset som slår seg på - det var som å sjå ein god, gamal venn igjen. Og når eg hadde trædd i og trykte på pedalen, var det som å høyre ein katt som mol - så jevn og fin ein dur! Mannen rista på hovudet mens eg deklamerte evig troskap til Janome, og sa eg fekk heller blogge om det til folk som forsto. Så no lurar eg på om det er nokon andre der ute som er like glade i symaskinene sine som eg er i mi?
Janome 4-eva!

torsdag 17. november 2011

Vridd skjerf - oppskrift

Har du sett desse møbiusskjerfa som er populære i strikkeverda for tida, som dette eller dette? Her om dagen fekk eg lyst til å prøve meg på å sy noko slikt, eit skjerf som kunne fungere på fleire måtar. No syns eg jo eg har så mange fine stoff på lager, med fargar og trykk som eg gjerne vil vise fram. Då er dette prosjektet perfekt, på ein kjapp og enkel måte kan du lage fargerikt tilbehør som piffar opp antrekket. Eg lagde to, eit av lappar og eit av eit enkeltstoff. Det kan brukast både over skuldrane som eit sjal, kanskje det kunne vore fint over ein kjole når du verkeleg skal pynte deg? 

Eller du kan surre det dobbelt om halsen slik som dette, denne kaufmanbomullen som eg ha brukt her er så lett og mjuk at den er kjempefin å ha så tett på huda:

På dette skjerfet har eg brukt eit trykk i limegrønt og kvitt, eg syns det gjorde seg godt saman med grått.

Her er lappevarianten, der eg har brukt fire ulike trykk frå Pick a Bunch-kolleksjonen til Nancy Mims. Dei er jo så fine saman!

Og her har fotografen (mannen i huset) begynt å bli kald og lei, så dette er det beste bildet eg har av dobbel surring med dette skjerfet:

Kunne du tenke deg å sy noko slikt? Her har du oppskrifta!

Til eit skjerf treng du to lengder på 25 x 140-150 cm om du berre brukar eitt stoff. Til lappeskjerfet brukte eg 16 lappar på 20 x 25 cm, fire av kvart stoff. Då passar det kjempefint med 4 kvartmetre (fat quarters). For anledninga har eg laga ein pakke med dei same stoffa som eg har brukt her (fri frakt er det også, heile november). Du kan sjølvsagt bruke andre storleikar på lappane avhengig av kva stoff du vil bruke, men det skal må utgjøre to lengder på 140-150 cm til slutt.

1. Klipp/skjær til dei lappane du skal ha og legg dei ut for å finne den rekkefølga du vil ha. Du kan ha remsene heilt like eller du kan gjøre dei ulike - eg valte det siste.
 2. Sy saman lappane til to remser på 140-150 cm. press saumane opne.
 3. Legg remsene rette mot rette og sy langs langsidene men begynn og slutt ca 5 cm frå begge kortendane!
 Alle hjørna skal sjå slik ut:
 4. No har du ein tube, vreng den slik at retta kjem ut. Press saumane.
 5. Vri tuben ein omgang.
 6. Brett inn endane på tuben mot midten. Ser du at eg har bomma litt her og endt opp med same stoffet i dei endane som skal syast saman? Uproft...
 7. Brett opp enden på tuben der du lot det vere 5 cm opning i pkt 3.
 8. Nål fast dei to baksidestoffa på tuben rette mot rette. Sy.
 9. No skal dei to framsidestoffa nålast saman rette mot rette, her må du etterkvart vrenge tuben litt for å få det til. Sy.
 10. No ser det sånn ut, tuben er sydd saman til ein sylinder men det er framleis opningar på begge sider av den siste saumen du sydde.
 Stikk handa gjennom, ta tak i den eine opninga og vreng den ut gjennom den andre.


Sy igjen opninga og vreng tilbake.

11. Sy igjen den siste opninga for hand, sjølv brukar eg alltid stigesting når eg vil at saumen skal bli så usynleg som mogleg.
Det var det, no er det berre å tre det på!

onsdag 2. november 2011

Det går mot juletider

Mange syns kanskje det er i tidlegaste laget å tenke jul no, men faktum er at me er på full fart inn i sesongen enten me likar det eller ei. Eplas julebok er i alle fall trygt i hus, og eg kan anbefale den på det varmaste. Det kan visst Monsemann også:

Boka er flott å kikke i, og det er massevis av tips, oppskriftar og idear - burde vere noko for ein kvar, skulle eg tru. For min del så har eg lyst til å sette i gang med fleire av prosjekta i boka, eg skal i allefall ha ein sån her liten skog i vinduskarmen. Eg skal klare å leite fram ein liten hjort eller to i ei av leikekassene også. Ungane mine er veldig glade i leikedyr, men heilt ukritiske til naturlege biotopar så eg ser vel egentlig for meg at den trolske skogen fort kan bli inntatt av sjiraffar, elefantar og dinosaurar også. Og kvifor ikkje?



Men foreløpig har eg ikkje tid til noko som helst, for eg er travelt opptatt med å sy ulldyr til årets første julemarknad som går føre seg i Grieghallen på lørdag og søndag. Skal du dit så kom gjerne innom standen min og sei hei!

mandag 24. oktober 2011

Gladnytt på ein mandag

Eg har fått to nyheiter i dag som har gjort meg hoppanda glad! Begge er relatert til Blåbærbutikken min og det er verkeleg kjekt å få så gode tilbakemeldingar på det eg driv med der. 

Det eine er at Eplas Julebok er kome ut, der er eg med med to prosjekt - julebukk og julemus. Og bukkane er til og med på framsida, superstas! Boka ser knallfin ut, eg har ikkje sett den enno men den er på veg i posten. Gjett om eg gler meg. Boka er tilgjengeleg i kioskar og matvarebutikkar over heile landet, så om du har lyst til å sy deg ei slik lita julemus eller ein julebukk så finn du mønster og opskrift der. Og masse anna fint, ser det ut til!
Det andre er at eg er valt ut som ein av tre finalistar til BIRs miljøpris! BIR og Bergen Kommune arrangerar i haust ein stor redesignkonkurranse og eg måtte jo melde meg på med ulldyra. No er eg altså vidare til finalen og eg er naturleg nok kjempeglad! Det er veldig, veldig kjekt å få anerkjennelse for noko ein brenn for og ikkje minst gir det masse motivasjon til å drive på vidare. All ære til kommunen og BIR for å sette fokus på gjenbruk og forbruk.

fredag 16. september 2011

Harepus på auksjon

Dama bak bloggen Hjertelill har den siste tida auksjonert bort masse fine varer til inntekt for dei sultramma på Afrikas horn. No står ein av harepusane mine for tur, les meir i bloggen til Hjertelill!

onsdag 7. september 2011

Shoddy i hus

Eg har visst forsømt bloggen her grovt den siste tida. Eg går og ventar på ei ladning med nye økologiske bomullsstoff, dei skulle vore her for lengst men eg veit ikkje kor dei er i prosessen. Eg håpar dei kjem snart så det kan bli oppdateringar i nettbutikken!

Elles har det gått mykje i ulldyrproduksjon både her og der, og førre veke fekk ei ny ladning shoddy frå Fretex. Shoddy er ullvarer som dei ikkje sender ut i butikkane men gjenvinner på ulike vis. For ein hundrelapp får eg ein svart søppelksekk full, og det er alltid spennande å opne og sjå kva som ligg nedi. Dei fleste av plagga eg får er heilt fine, men det er kanskje hol eller flekkar som gjer at dei ikkje kan selgast. Til ulldyr derimot duger dei utmerka! Her er eit lite utval, og i desse gensarane ser eg ei heil rekke nye dyr:
Det lyserosa øverst er ein heil kjole i lammeull, no er eg sikra innside til kaninøyrer i laaang tid framover. Heldigvis. Den sennepsgule med fletter på syns eg er knallfin,men er litt usikker på kva den kan bli til. Eg har så lyst til å lage ekorn men manglar stoff i passande farge. Eg går og ventar og ventar på at ein rustraud ullgenser skal dukke opp, men enn så lenge har den ikkje det. Kanskje eg skulle prøve meg på sennepsgule ekorn i staden? Hmm.

Sjå dette skjønne handstrikka skjørtet! Så forseggjort og arbeidskrevande. Det har fått eit hol midt på, så då hamna det altså i Fretexcontaineren. Kva skal eg bruke dette til? Det sit langt inne å tove slike handstrikka plagg, altså. Kanskje eg kan burde gjøre det om til eit sjal eller noko?
 Denne genseren kan bli til nokre riktig eksklusive harepusar, tenker eg!

fredag 12. august 2011

Fuglar

For ei tid tilbake skreiv eg om at eg jobba med fugleformer, og her er er nokre av resultata. Det er ganske langt frå ulldyra mine dette, dei tåler nok slett ikkje å leikast med! Men det er gøy å arbeide med dei, ta utgangspunkt i ein bestemt fugl og prøve å komme så tett opptil den som mogleg i forma. Den minste tar utgangspunkt i heipiplerka, og vadefuglen skal vere ei myrsnipe. Dei er sydde av ymse gjenbruksstoffer, og beina er av ståltråd. Myrsnipa sine bein har blitt surra med brun blomsterteip, heipiplerka stakkars har berre fått surra litt kopartråd rundt anklane. Men så er ho jo berre ein prototype også. Eg får sjå om det blir fleire, det er jo ein heil del arbeid med desse.



søndag 7. august 2011

Dyremasker

I går fekk eg ein ubendeleg trang til å lage ei maske - ei revemaske. Det berre måtte gjerast. I dag har eg laga ei bjørnemaske og finpussa litt på detaljane. No klarar eg ikkje sjå eit dyr utan å tenke maske. Kva blir det neste, skal tru? Kanskje er dette noko for eplabutikken min, men dei er rimeleg arbeidskrevande desse maskene og då blir jo prisen deretter. Kanskje eg legger ut eit par stykker etterkvart berre for å lodde interessa. 


Eg har vore flittig i sommar og laga masse nye ulldyr, mange av dei kem til å havne i eplabutikken etterkvart, andre blir spart til julemarknader og slikt. Eg har ikkje tal på kor mange kaniner eg har no. Nokre av dykk har kanskje sett det på facebooksida allereie men her er eit bilde frå ein liten photoshoot i skogen:

fredag 15. juli 2011

Gode loppefunn - småblomstrete

Det har vore mykje småblomstrete her i det siste, det er vel berre å innsjå at eg er veldig svak for det. Så her kjem like godt meir. Denne gongen er det favorittar eg har plukka opp på loppis og i brukthandlar, eg syns alle desse er knallfine og har liten lyst til å klippe i dei. Det må i så fall bli til heilt spesielle prosjekt!
Husk vekas tilbud, to dagar til!